Katt Vassenden
Ung ukasteret hankatt funne i Vassenden området på Jølster for ca 2 veker sidan. Leiken, reinsleg og kosete katt.
Kjenner du denne, så ta kontakt på mobil 48 35 63 33
Sutten
Dette er Sutten. Han er ein kosen og tillitsfull katt som osar av harmonisk ro. Sutten har hatt same eigar i alle år, inntil no nyleg. Eigar vart sjuk og Sutten heimlaus.
Han er veldig kontaktsøkande og å «prate» er han veldig flink til. Han mæl så snart ein er borti han, og han syns det er veldig deilig å ligge på et fang å få godt med kos. Han søv gjerne i sofaen på natta, men på dagen kjem han som regel ikkje opp i sofaen uten at ein først inviterar han opp. Akkurat som om han søkjer om godkjenning først.Han likar seg godt ute, og er kontaktsøkande også her.
Sutten feira 10 år i september men er konstantert «frisk som ein fisk» hos veterinær. Han har sannsynlegvis mange år att og vi håpar at noken har hjarterom også for ein vaksen katt som Sutten.
Sutten er kastrert og hos fòrvert i Nordfjord som beskriver han som ein «absolutt fantastisk katt og ein god ven». Ta kontakt på tlf 41356277/ asegrov@gmail.com
Phillippa
Phillippa er ein av Pjusken sine 8 ungar. Mor Pjusken var ein tam heimlaus katt som vart teken inn i hus som høgdrektig. Phillippa har som sine søsken kosa seg i trygge omgivelser ilag med sin familie og ein uvanleg tolmodig Greyhound ved navn Svein. Phillippa er som en kattunge skal vere og er klar for ny heim frå og med November. Er ormebehandla.
Ta kontakt med Bettina tlf 41244002/ Anja tlf 41356277/ bett-ca@online.no
Elvis
Elvis er no omplassert.
Elvis er ein omlag 7 år gamal, vakker langhåra kastrert hannkatt. Han er kjælen og god. Er ein rolig kar som er rimeleg sjølvstendig. Heimekjær, men trivst best som aleinekatt, gjerne hjå vaksne. Har ein gamal hofteskade men er likevel spretten og sprek. Likar godt J/D-for frå Hills, dette gjer nok godt for skaden hans. Elvis kan plutselig finne ut at han vil leike med eit eller anna, men er elles god på å finne seg ein god plass å kvile
Likar også å vere ute, og men i dårleg vær berre korte turar. Elvis er sjølvsagt kastrert.
Kontakt Bjørg 41356276 / bjorg.bjorgum@ gmail.com
Nina
Ei nett lita, ung kattefrøken treng ein ny heim.Van med andre kattar,hund og barn.Likar å vere der du er og liggjer gjerne i sofaen saman med deg.Litt forsiktig av seg til ho blir kjend ,men då er ho både leiken og kosete.Er hos forvert i Svelgen. Vil bli kastrert, vaksinert og ID- merka før omplassering. Kan trafikk.
Kristin S. 41047840
Vikki
Vikki er 1,5 år, og kastrert. Ho har oppfostra 4 kattunger og tatt seg av 2 til, ho er ein super katt. Har ikkje sett tryggare og meir omgjengelig katt, høgreist, smekker og med ein pels som skin. Ho vart berga i siste liten saman med ungane sine, og har sidan hatt det svært godt. Denne katten har det vore ei glede å ha i hus. Ho tok med seg ungane sine inn i huset der det bur 4 katteonklar og ein hund. Ikkje ei klo har ho vist, og så tolmodig med ungane at det måtte beundrast. Ho er veldig opptatt av mat, tydelig at det har vore mangelvare tidlegare, så no har ho lagt seg til ein liten mage, Men det ordner seg etter kvart. Ho er testa for katte aids. Ho takler bilkøyring og andre hunder enn husets. No sit ho att med vesle Vivvi og det hadde vore supert om desse 2 kunne få vere saman resten av livet. Vikki er hos forverten sin i Førde. Dersom du er intr i og gi henne ein heim i trygge omgivelser, ho er ikkje van med biltrafikk så ring 48356333
Betsy og Aragorn
Betsy og Aragorn er to herlige pusar som treng ein ny heim. Betsy har aldri hatt ein heim og er fødd heimlaus på Bryggja i Vågsøy. Ho er litt sjenert, men likar å vere der det skjer og er veldig glad i kos og leik. Aragorn dukka opp i det kalde haustmørket i Angedalen som kattunge og mjaua så sårt om hjelp. Kor han eigentleg kom ifrå er framleis ei gåte. Aragorn er ein veldig kjekk type og er med på alt, følger deg som ein hund. Betsy og Aragorn har funne tonen godt i fosterheimen sin og vil helst kome til same eigar. Hvis ikkje må dei iallefall ha selskap av andre kattar. Dei er født i mai/juni begge to. Kattane er reisevande og kosar seg på biltur i bur saman. Dei er van med liten hund, er husreine og meget trivelige å ha i hus.
Dei blir levert kastrerte, vaksinerte og har fått ormebehandling. Ta kontakt om du kan gje desse ein god heim! Heidi: 48117014
Sjakk
Sjakk har gått ute ei god stund og har nok måtte takla ein del utfordringar. Ho vart teken hand om av Dyrebeskyttelsen like før jul og var då i god stand. Ein fast matstasjon i det siste hos ein dyrevennleg familie har gitt ho fasongen attende. Der var det også ein hund som ho vart god ven med. No søkjer vi ein ny heim til Sjakk kor ho kan få vere inne i varmen når det er kaldt ute, mat, kos og omsorg. Vi opplever henne som ein trygg, kosete og tillitsfull katt. I tillegg er ho leiken og virkar ellers som ein uvanleg «stødig» katt. Pelsen har spesielle teikningar i svart og kvitt. Ser sterk ut og har ein størrelse lik ein hannkatt. Ho er kastrert, vaksinert ogID- merka (sjarmerte alle på Florø veterinærklinikk).
Ta kontakt på tlf 41356277 eller send gjerne mail : asegrov@gmail.com
Fonzie
Fonzie er er sosial og leiken hannkatt. Han diltar etter og vil gjerne vere med på det som skjer. Han foretrekker å ligge ved sidan av deg i sofaen framfor fanget ditt men likar å la seg stryke. Fonzie er for tida hos ein fòrvert kor der er ei hokatt som han elskar å terge på. Så kanskje passar han best som aleinekatt kor han kan kan gå ut og inn som han vil og dermed få utløp av all sin energi på jakt og leik. Han har ein smidig og muskuløs kropp og er nok ein dyktig jeger. Fonzie er kastrert, vaksinert, ormebandla og blir chippa i ny eigars sitt navn.
Ta kontakt med Thomas tlf 95431310 el Bettina tlf 41244002



