Hopp til innholdet

Omplassering

I vårt omplasseringsarbeid legg vi vekt på at dyra kjem til ein heim der dei kan leve trygt og få utløp for sine individuelle behov.
Ingen dyr er like, vi kjenner kvart enkelt dyr vi har i vår varetekt, og kjenner kvart enkelt dyr sine behov. Mange har ei vanskelig fortid, så vi gjer det vi kan for at framtida deira skal bli så stabil og positiv som råd er.
Det vert lagt vekt på kjemi mellom dyr og menneske, stabilitet, erfaring, familiesituasjon, familiemedlemmer, uteareal/geografisk plassering, aktivitet, stimuli, utfoldelsesmuligheter og kontakt med artsfrender når vi søkjer ny heim.
Styret vil i fellesskap vurdere kvar enkelt heim, og styrets avgjerdsel kan ikkje påklagast.

Ønskjer du å overta nokon av våre dyr, så send ein søknad med utfyllande informasjon om deg og din familie til kontaktpersonen som er notert under det dyret du er interessert i.

Høyrer frå deg 🙂

Ting å tenke på før du skaffar deg eit dyr

Prisar:

– Kattungar: 2000,- Blir levert chippet, vaksinert, ormebehandlet. Kastrering er med i beløpet og vil bli utført når katten har nådd 2 kg.
– Vaksen katt: Frå 2000 kroner. Vert levert vaksinert, chippa, behandla mot eventuell innvollsorm og kastrert.
– Hund: 2000 – 4000 kroner. Avhengig av rase, alder, type hund osv.

Chip på dyr vil ikke bli overført til ny eier før adopsjonsgebyr er fult og helt betalt, kastrering på gjeldende dyr er gjennomført og signert kontrakt er levert tilbake til oss.

Kontonummeret til Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane er: 3720.14.98210

Vipps til Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane er: 23068