Hopp til innholdet

🌞FOR ADOPSJON🌞 Sunniva og Sol:

Søstre født ca 30. juni-22. Er klar for å finne sin «for alltid heim» etter jul.
Sunniva er heilt svart bortsett frå ein kvit flekk på magen, åtte kvite hår i nakken og to på brystkassen 🙂 Sunniva er den ultimate kosekatten. Til tider kan ho male så høgt og ivrig at det knirkar, og ho elskar å ligge på fanget ditt, stikke snuten inn i armkroken din eller bli klødd på magen. Det er berre mat som er betre enn kos, og gjerne brødskiva eller middagen din. Sunniva er pga av sin kjærleik til mat, litt større enn søstera Sol.

Sol er den som klatrar høgast i gardina, spring fortast etter ballen og hoppar lengst opp etter skap, dørkarmar eller vindu. Sol utrykker seg mest med knurring men det er ikkje vondt meint og ingen bryr seg særleg mykje om det så ho gjer seg fort. Sol likar også å kose, men helst berre når det passar henne, eller om natta 🙂 Av utseende er Sol heilt svart, med nokre nesten usynlege, veldig fascinerande makrellstriper på ryggen og i ansiktet.

Begge jentene har vore vant til ungar og er godt vant med andre kattar. Dei hjelper deg gjerne å lage middag, henge opp kle eller anna arbeid og dei syns det er greit å passe på deg når du dusjar. Siden søstrene syns det er praktisk at Sunniva kan distrahere menneskene med kos sånn at Sol kan gjere ugagn, så vil dei gjerne bu ilag 😉

Er du heimen desse søstrene leitar etter ilag?Ta kontakt og fortel om deg sjøl og kva heim du kan tilby, bu og trafikkforhold🙂
SMS: 41236600
EPOST : annejobjordal@hotmail.com

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?