Sofie og Guro ❤️

Sjenerte Sofie er på utkikk etter draumheimen!
Ho var heimlaus dei 4 første månadane av livet sitt, før ho blei fanga inn av Dyrebeskyttelsen i lag med søskena sine. Storøyde Sofie kan skildrast som «the runt of the litter», – ho var den minste av søskenflokken, samt den mest forsiktige.

Ho har vist god framgang i fosterheimen og blitt modigare for kvar dag. No hoppar ho opp på kjøkkenbenken rett som det er for å sjå om det finst ein matbit, eller hoppar opp i sofaen og legg seg ned litt bortenfor deg. Søte Sofie likar å snuse rundt og utforske omgivelsene. Ho har ikkje heilt sjølvstillitten til å leike med katteleikar endå (lærar framleis «korleis vere katt»), men ho leikar ofte «tikken» med søstera si.

Sofie kan gjerne fungere som ein innekatt fordi ho er glad i å ha trygge rammer, men kan også sleppast ut med tida når ho er blitt trygg. Ho absolutt kome i ein heim kor ho er i selskap av andre kattar; Sofie lir nemlig av separasjonsangst og kan begynne å pipe om ho plutseleg er åleine.
Ho er nok nokså engsteleg av seg, likar ikkje høge lydar eller brå bevegelsar. Sofie er ein katt med mykje personlegheit og som ein fort blir glad i. Ho treng ein eigar som er tålmodig og som kan hjelpe ho til å bli komfortabel med fysisk kontakt med mennesker (per dags dato lar ho seg berre stryke på mens ho har hodet i matskåla.) Ho likar heller ikkje å bli løfta.
Sofie er sterilisert, vaksinert og chippa.

Guro (ca 6 mnd.) tilbrakte sine fire første månader som heimlaus, før ho blei fanga inn av Dyrebeskyttelsen med søskena sine.
Guro er nysgjerrig av seg, og hoppar opp på kjøkkenbenken rett som det er for å sjå om det finst ein matbit.
Ho likar å leikeslost med andre kattar og også med katteleikar. Ho er stille katt som ikkje lagar mykje lyd.
Guro har blitt meir og meir husvarm. Du kan stryke ho og klø ho bak øyret når ho et god mat (våtfor).

Når ho først tillét deg å kose med ho, så likar ho det overraskanse godt! Per dags dato likar ikkje å bli løfta eller å ligge på fanget. Her trengst det framleis ein del tilvenning, så ho treng ein tålmodig person Ho er litt vár for høge lydar og brå bevegelser. Ellers likar ho å ha litt «personal space» og ho er ofte å finne på senga i stolen, eller under stovebordet.
Guro er sterilisert, chippa og vaksinert.

Kontakt: 41369258

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?