Tilly klar for adopsjon ❤️

Tilly er ei lita tullejente derav navnet(silly, tull, tøys) på 7 måneder.🥰
Tilly kjem frå eit kull som er født ute og ikkje har vore vand med menneskekontakt, så når ho kom inn i varmen var ho veldig redd og skeptisk. Når søskena sprang rundt og leika, satt ho gjemt i eit hjørne og ropte gjentattegangar av redsel.
Idag er ho den største tøysekoppen av dei alle. Ho springer rundt med konstant purring og leikar med det meste ho finn. Kos på magen og stumpen er meget innafor og ho er alltid kjapp på å vere ein del av velkomstkomiteen når man kjem heim frå feks jobb.🥰
Ho er ofte å finne utstrekt midt på golvet, med magen i været og nyter tilværelsen.❤️
Personlegheiten til Tilly er veldig tøysete og ho kan finne på masse som berre får ein til å dra på smilebåndet. Ved mattid feks så finn du Tilly sittande foran skåla, og bruke potane sine til å fiske fram 1 og 1 matbit for å ete.
Nokre gangar skal ho og leike litt med maten før den skal etats😅 sjeldan eit kjedelig augneblink med Tilly i nærheita😃
Sjølv om Tilly har gjort enorm(!!) framgang så er det enda ting som vil vere nytt eller uvant for ho, så her må ein berre gi Tilly tid og moglegheit til å finne ut av ting❤️ men med den rette familien vil det bli null problem😁

Tilly er Kastrert,vaksinert og chippet.

Er Tilly den firbeinte vennen du har venta på, så tar gjerne kontakt på 97305001, der du forteller litt om deg sjølv, bu- og trafikkforhold og kva du kan tilby Tilly❤️

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?