Billie – RESERVERT

Billie er no reservert!
Billie er ein sjarmerende kraftplugg av ei jente på ca 8 mnd.
Ho vart funnet oppi ei bossbøtte på ein bensinstasjon. Overvåkingskameraet viste at ho hadde krøpet oppi bossbøtta på egenhånd.
Ho va såpass kraftig og tung at både fostermor og dyrlegen trudde at ho va ein liten gutt, men der tok vi altså grundig feil 😊
Då Billie kom t fosterheimen va ho ganske redd, og kom ikkje frem i d heiletatt, for alt var stort og skummelt. Men me mye tid og godsnakk, godbiter og leiker, så vart fostermor litt mindre skummel, for den leiken va jo SÅ fristande, og godbitane lukta jo så godt! Billie e veldig glad i å leike, enten for seg sjøl, men aller helst fyke ho rundt som ein rakett i heile huset ilag med ein av fostersøsknane sine.
Billie går godt overens me dei andre voksne pusane i huset, og av og te får ho ein av dei med seg på ein treningstur som går i et tempo dei fleste ikkje ha sett maken te! Billie e og veldig glad i å kose, men helst på hennes premisser. Då kan ho ente ligge v sida av fostermor eller i fanget mens ho purra og sikla av rein nytelse.
Ho e veldig opptatt av at d ska koses me begge hendene samtidig, og ho både stanga og kosebite veldig forsiktig. Ho bi alltid glad når fostermor kjem heim om dagane, då kan ho komme gåande mens ho logra noe veldig me halen, akkurat som om ho va ein glad liten voffs 😊
Billie e fortsatt ei forsiktig og sky lita frøken og gjemme seg om d bi masse lyda, så ho passa best ilag med rolige og voksne menneska som vil ta tida t hjelp for å få ho heilt trygg. Billie har fått ormekurer, vaksine x2, og er ferdig kasterert og chippet 😊

Er du Billie sin drømmeheim? 😍
Ta kontakt på e-post: martine.espe@gmail.com

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?