Hjelpe ein heimlaus katt?

Halvor og Leo er to av dyrebeskyttelsen sin kattar som treng forvert. Ein fòrvert passar ein av dyrebeskyttelsen sine heimlause kattar inntil ny permanent heim er funne. Katten er fortsatt dyrebeskyttelsen sitt ansvar så vi står for mat, sand, medisin og evt veterinærbehandling. Dei einaste ein fòrvert treng å gjere er å ha pus i huset sitt, gje mat og omsorg. I tillegg er det til stor nytte at fòrverten vidareformidlar katten sitt vesen og personlighet slik at vi får rett katt til rett heim.
Leo er heilsvart og vart funne i Førde sentrum like før jul. Han var mager og svolten. Eigar er etterlyst men ingen har meldt seg. Vi veit dessverre ikkje så mykje om denne pusen då han står aleine på eit kattepensjonat. Han er reinsleg, tam og blir kastrert denne veka.

Halvor vart også som Leo, funne gåande ute, svolten og med alvorlig infeksjon i halen sin. Halen måtte dessverre amputeres men han er ellers ein sosial katt og trygg katt. Halvor vert kastrert og ID- merka denne veka.

Er det noken som har mulighet til å passe ein katt for nokre veker så ta kontakt på vår vakttlf eller send mail til asegrov@gmail.com

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?