Katten din kan få katteHIV

Bildet viser katten Ulf, ein ukastrert hannkatt på 3 år. Han har vore i mange slåsskampar og slete seg gjennom ein kald vinter utandørs. Etter henvendelse via vår vakttlf tok dyrebeskyttelsen hand om katten den 6 juni. Pus hadde ingen ID-merking, mykje flått og flokar i pelsen, samt ein stor væskefylt byll på nakken etter eit bitt. I tillegg til dette påviste helsesjekken hos veterinær katteHIV. Ulf vart avliva same dag på veterinærkontoret. Kvifor?

KatteHIV bryt ned immunforsvaret og fører til katteAIDS noko som betyr ein langsom og smertefull død. Der fins ingen behandling. KatteHIV smitter ikkje over på mennesker, men er smittsamt mellom katter via blod og spytt. Den største smittefaren er ukastrerte hannkattar som slåst og får bittskader.

For å unngå katteHIV er kastrering det viktigaste hjelpemiddel. Ein kastrert hannkatt blir roligare og meir stadbunden, i tillegg unngår ein uønska kattungar som raskt kan bli ei kilde til villkattar. Ei hokatt kan få 3-4 kattungekull per år!!! Ein katt kan kastrerast frå 6 mnd alder. Vi anbefalar samstundes å vaksinere og ID-merke pus.

Dyrebeskyttelsen har registrert ein auke i tilfeller av katteHIV fleire stader i fylket. Hjelp oss å redusere smittefaren samt antal villkattar ved å kastrere katten din i dag.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?