Brutus

Nyleg vart ein sliten, kald, svolten og tørst katt teken hand om i Naustdal. Pus bar preg av å ha gått ute ei stund. Etterkvart oppdaga vi at katten var øyremerka og det viste seg at der fans ein eigar som bur i Nesttun utanfor Bergen. Matmor fekk telefon frå oss og overraskelsen var stor. Pus hadde forsvunne frå deira sommarhus i Vevring for 1,5 år sidan! Dei trudde aldri dei skulle få sjå sin Brutus att og gjensynsgleden var difor stor då han vart henta heim til Nesttun i går, den 2 januar.

Dette viser kor nyttig det kan vere å merke katten sin. Vi i dyrebeskyttelsen har som veterinærkontora scannarar som kan lese av ID chippen.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?