Stokkand

  

I byrjinga av februar fekk vi ei henvending frå ei dame i Førde som hadde ei stokkand i dusjkabinettet. Ho fann fuglen under bilen sin i 15 kuldegrader, heilt apatisk og forkommen. Ho tok med fuglen heim og kokte grautvelling av korn, mais og brød. Fuglen åt veldig godt og tok seg etterkvart nokre bad i den rosa stampen.

Veterinær og fuglevakta til Norsk Ornitologisk Forening vart kontakta av oss for gode råd. Stokkanda vart flytta ut i et hønsehuset der temperaturen er meir passende for ein slik fugl. Stokkanda kvikna til og viste tegn til å vere frisk. Forsøk på fotografering på dette tidspunkt vart hissig avfeid av fuglen.

11 februar vart stokkanda slept fri på et våtmarksområde i Førde:
Så jublande glad den kom og han brukte begge vengene heilt flott. Den har nok sett skada ut pga svolt og kulde. I dag var eg ned med ein stor pose brød og eit spann med oppbløytt Pedigree hundemat. Nær med matingplasen, gjekk det ein hannfugl av arten stokkand, og trippa rundt nokre jenter på isen. Då han såg meg og hunden kome, så letta den og kom fykande mot oss og hadde ei flott flygeoppvisning før han for bort til dei andre som låg og venta på mat. I mitt haud var dette vår fugl, som skulle vise kor frisk han var og som helste på. Eg går den vegen 2 gongar kvar einaste dag, minst, og dette har eg aldri sett før, at ei and har oppført seg slik.

Det er etter norsk lov ikkje lov å gripe for mykje inn når det gjeld ville dyr. På same tid er vi også lovpliktige til å hjelpe der dyr lir nød.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?