Katteseminar

Forrige helg,14-15 nov, reiste tre av styremedleme på katteseminar ved Antrozoologisenteret på Ås. Hovedforelesar var Professor Bjarne O. Braastad, etolog ved Universitetet for miljø- og biovitenskap. I tillegg deltok Bodil Eikeset, leiar av Norsk huskattforening, og Karen Andersson, leiar av Dyrebeskyttelsen Norge, avd Oslo. Katteseminaret var retta mot folk som ynskje å utvide kompetansen på atferd og velferd hos katt. I salen var veterinærar, katteoppdrettarar, adferdskonsulentar, katteeigarar og personar innan dyrevernorganisasjonar.

Styremedleme frå Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane, Cecilie, Anja og Rigmor er einige om at dette var ei veldig interessang helg. Seminaret heldt eit høgt fagleg nivå i tillegg til innspel som grunna frå solid erfaring. Vi kjeda oss ikkje eit sekund og lærte ein heil del. Temaene var mange: Forholdet mellom katt og eigar, sosial adferd og struktur, kattens språk, problemet med eigarlause kattar, adferdsproblemer hos katt, kattehald i burettslag og katten som rovdyr var noko av det som var sett på dagsorden. Seminaret er noko vi varmt kan anbefale for alle interesserte.

Bildene øverst: Anja og Rigmor med Bodil Eikeset som opprinneleg er frå Førde. Ho bur i Oslo og synes det var godt å høyre dialekta vår. Bildet i midten viser Cecilie og Rigmor på forelesningsbenken. Biletet nederst er av Bodil Eikeset og Bjarne Braastad,

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?