Redda villhest

Idun skriv og fortel om ein skogstur frå The New Forest i Sør England, der det er ca 4000 villhestar:
Badger er altså ein EIN-dag gammal villhest som datt ned i eit grevlinghol… Jeff og Idun var på tur-aldri-sur og som gode eventyrarar gjekk dei utanom stien, og fann stakkars vesle folen som sat fast. Vi strauk og sang, Badger veksla mellom sjokk og å sove på armen vår – vi ringte til skogvoktar og etter ein time fekk vi det opp av grava(…) dagen etter ville han ikkje ha vore meir. Mora hadde då forlatt det – tenkte at «Hmm, det var kanskje ikkje mitt likevel…» og ville ikkje ta det tilbake. Vi trygla og ba, og mora fann det i seg å vere mor igjen, og lot Badger få suge melk og ikkje eit auge var tørt.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?