Seminar i Ørstad

Første helga i november heldt Gry Løberg seminar i hundeadferd. Rigmor, Anja og Cecilie frå styret i dyrebeskyttelsen sogn og fjordane reiste til Ørstad og sat ivrig på første benk. Løberg tok blant anna opp temaer som hundens opphav og historie, valpesosialisering, problemadferd, avl og kastrering. Jentene synes det var veldig interessant og nyttig. I tillegg var det ubegrensa tilgang til kaffi og ferske kaker heile dagane, noko som også trakk opp. Med i bilen til Ørstad var også Lillann, og ein doberman-maskot med namnet Rokky. På bildet ser du, frå venstre, Cecilie, Gry, Anja og Rigmor.

Gry Løberg driv til daglig Manimal som er ein adferdsklinikk for selskapsdyr (www.manimal.no).

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?