Pengegåve frå skuleklasse

Klasse 7B på Førde Barneskule har samla inn pengar til Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane. Elevane har gjennom ulike aktivitetar som prosjekt og basar fått inn heile 5527 kroner og 50 øre. Den store pengesjekken blei overlevert i gymsalen ved skoleavslutningen onsdag 18. juni under stor høytidlighet framfor alle lærarane, elevane og ein god del foreldre. Frå Dyrebeskyttelsen S&F var tre styremedlemmer med nyvalt leiar Anita i Lida i spissen møtt fram for å ta imot den overraskande og kjærkomne gåva.

Leiaren sa at det er ein fantastisk innsats ungdommene har gjort. – Desse pengane vil redde mange dyr, sa Anita i Lida til forsamlina etter overrekkinga. – Samstundes handlar dette om så mykje meir enn berre pengar. Det handlar om evna til å vise omsorg og omtanke for andre individ og sette seg inn i korleis dei har det, – vere seg menneske eller dyr. Ungdommar som desse er ein stor oppmuntring og inspirasjonskilde for oss som held på med dette.

Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane har vore gjennom ein turbulent periode med store utskiftingar i leiinga og økonomiske vanskar. Men med eit nytt styre på plass og denne kjærkomne gåva i tillegg kan merksemda rettast mot det viktigaste; Helse, velferd og tryggleik for dyra vi har omkring oss.

For ytterlege informasjon, kontakt Anita i Lida, telefon 412 44 001

 

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?