Kattefamilie – ut av kontroll

Førde: Tretti katter treng ny heim. Den eldre mannen forbarma seg over ei forkommen katt som kom på trappa hans. Eit par år seinare er heile grenda infisert av villkattar. Det er minst femten liknande tilfelle i fylket.
Tekst: Katrine Sele, Firda
– Historia viser kor utruleg viktig det er med sterilisering. Katteflokkar som veks utan kontroll er eit enormt problem – vi kjenner til 15 liknande tilfelle berre her i fylket, fortel Unn Vatsø i Dyrebeskyttelsen.
Frå fjøsen på ei avsidesliggjande grend i Førde kommune kikar eit titals små kattefjes fram. Lodne, grå kroppar – og einskilde raude – kjem smygande frå alle kantar, både ute og inne. Som om dei dukka opp frå ingenting – eit yrande, stille liv i bortgøymde krokar. Velstelte og godlynte
Vatsø har vore i kontakt med den fortvilte eigaren av fjøsen, som ligg på sjukehus og ikkje har sjanse til å ta seg av katteflokken lenger. No har han overlate ansvaret til Dyrebeskyttelsen. Han har sjølv valt å la Firda skrive om saka – for å hindre andre i å komme i liknande uføre, og for å finne nye heimar til dei no eigarlause kattane som han har hatt omsorga for.

– Pus, pus, pus!
– Nei, så fine! seier Vatsø Ho og ein hjelpar frå Dyrebeskyttelsen, Bjørg Bjørgum, er ute på besøk til flokken. Dei har med seg mat og bur til å fange kattungar i. Hittil har dei funne mellombels husly til sju av kattane, og nye eigarar til to av dei.
Men framleis står mykje arbeid att før heile katteflokken er teken hand om. Dei som ikkje får nye eigarar, vil bli avliva med sprøyte av Mattilsynet.
– Desse kattane er i uvanleg god stand, til å vere ein så stor flokk. Dessutan er dei milde og godlynte. All honnør til mannen som tok seg av den forkomne katten som kom på trappa. Dei fleste ville jaga han vekk, seier Vatsø.

Plikt til å hjelpe
Verre er det med dei som har blitt villkattar. Folk i grenda trur det bur minst like mange katter utanfor fjøsen – altså kan kattefamilien ha vokse til om lag sytti individ. – Villkattane er det ikkje håp for, for dei kan ikkje temjast. Dei må vi fange inn i vinter og avlive på humant vis, seier Vatsø. – Katter som bur ute i Norge, lir av både svolt, sjukdom og kulde. Dei er ikkje bygde for å tole dette klimaet.
Kattane i fjøsen til den eldre mannen, har derimot sjansen til ei framtid, om Dyrebeskyttelsen klarer å omplassere dei. Dei har hatt nok mat, og syner tillit til menneske. – Alle som kjem over eit hjelpelaust dyr, har plikt til å hjelpe, slik som denne mannen har gjort. Men mange jagar dei vekk eller skyt dei, og skaper fryktelege lidingar, seier Vatsø. – Heldigvis er folka i grenda dyrekjære. Ingen har gått laus på kattane med hagle eller andre inhumane metodar, held Vatsø fram.

Etterlyser nye eigarar
No ber ho potensielle nye eigarar om å ta kontakt. Om Dyrebeskyttelsen skal greie å redde kattane i fjøsen, og få situasjonen under kontroll, hastar det å finne husly til dei. – Eg brukar alle kontaktane mine, og husar nokre i eigen heim inntil vidare, men dei må få ein fast plass å bu. Helst bør dei plasserast to og to, sidan dei er vane med mykje selskap. Dei er tamme, og passer bra til å vere fjøskattar, seier Vatsø.
Alle kattane som får nye eigarar, vil bli steriliserte og id-merkte av Dyrebeskyttelsen.

Les meir om saken på firda.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?