Forskrift om id-merking

Norge er som eit u-land å rekne når det gjeld id-merking av dyr, meiner Unn Vatsø. I framtida kan det komme ei ny forskrift om merking av katt.
– Om ikkje det kjem ei slik forskrift, fryktar eg at heile det frivillige dyrevernsarbeidet i Norge vil rakne. Lengre sør i Europa er dei langt flinkare med dette, seier Vatsø.

Om eit par år kan det bli obligatorisk å merke kattar med øyretatovering eller mikrochips. Då vil kvar katt få eit id-nummer, som vil gjere det mogleg å spore opp eigaren om katten skulle komme på avvegar.

– Eit aukande problem
Sjølv har Vatsø ikkje tid til å jobbe i meir enn seksti prosent stilling – resten av tida går med til frivillig arbeid for Dyrebeskyttelsen. Slik er det også for dei andre frivillige i organisasjonen. Det største problemet dei jobbar med, er eigarlause kattar – eit problem dei opplever som sterkt aukande.
Hausten er ei spesielt travel tid – Dyrebeskyttelsen jobbar under stort press for å rydde opp i store katteflokkar før paringstida i januar og februar. Hokattar kan få opptil åtte kattungar i året. Når om lag halvparten av desse er døtrer, og dei vert kjønnsmogne etter eit halvt år, veks flokkane raskt ut av kontroll.
Askvoll, Hardbakke, Eikefjord, Stryn, Bryggja og Aurland er nokre av plassane der det finst store flokkar med villkattar. Som regel har problemet oppstått ved at ein katteeigar ikkje tok ansvar for dyret sitt.

Hygienisk fare
– Nokre katteeigarar slepp dyret sitt laus og gir blaffen. Dei skjønar ikkje kva lidingar dei skaper, seier Rune Myklatun ved Mattilsynet, avdeling Sunnfjord og Ytre Sogn. – Kattar som må greie seg sjølve, lir av svolt, sjukdom og kulde. I tillegg skaper dei hygieniske problem via katteavføringa, som kan spreie parasittar vidare til folk – toxoplasma og bendelorm, mellom anna.

Mattilsynet har difor bede om at id-merking av katt blir obligatorisk. Dette kan komme som ei forskrift med heimel i den nye dyrevelferdslova, som vart lagt ut på høyring sist fredag.

 

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?