Katt Høyanger

Hannkatt funnen i Høyanger. Den liker ikkje å bli håndtert, er ukasterert og utan chip.
Kjenner du denne karen, så ta kontakt med Ove på mob. 930 02 641.

Mons

Mons er omplassert

 

 

 

 

 

 

 

Mons er ein «bamse» av ein kraftkar på omlag 4 år. Badevekta har passert over 5 og her er det mykje musklar. Han ser kanskje tøff ut men kattehjertet hans er bløtt som få. Mons har måtte greie seg sjølv ute i 2 år og no vil han berre ha fred og kos. Han er skeptisk til hundar og synes kanskje det blir litt styr med andre kattar tett innpå. Når Mons veit du er ein sann kattevenn og at han er på ein trygg stad,(tar ein dag eller to) kastar han seg raskt på rygg og vil kløast på magen, tar gjerne ein heilkroppsmassasje . Tenner og klør veit han ikkje at han har. Han er lett å få i bur og bilkøyring er heilt OK. Er hos fòrvert med barn på Eid. Mons er kastrert, chippa og vaksinert.OBS! Mons er reservert inntil vidare. Ta kontakt med Anja tlf 915 83 462/ mail: asegrov@gmail.com

Rasmus

Rasmus er ein rolig og fin gutt på 2-3 år. Han er klok og oppvakt, ein behagelig og omgjengelig katt som er glad i barn. Stryk seg inntil og maler høgt. Han elskar å «slange» seg på sofaen og nyter god komfor. Rasmus likar å gå ut på små tokter, men treng å vite at han får kome inn att slik at han kjenner tryggheit. Pelsen har nydelige klare fargar med makrellmønster. Er kastrert, vaksinert og chippa.

Bettina tlf 412 44 002

 

 


Phillippa

Phillippa er omplassert

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Phillippa er ei elegant pusefrøken med siameserblod. Ho er 6 månader og er Pandoras kullsøster. Ho har fått ny heim i Florø.

 

 

Pandora

Pandora er omplassert

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Pandora på 6 månader treng ny heim. Leiken og kosete pusejente med spanande fargekombinasjon samt krøllhale! Ho har vore ein av 8 søsken og vaksen opp Greyhounden Svein.

 

 

Tinka- sakna i Florø

Tinka er no gjenforent med eigar.

Hun ble levert politiet som leverte videre til dyrebutikken der dei leste av chipen.

 

10 mnd gamle Tinka er sakna i Florø, nærmare bestemt Krokane. Ho er kastrert og chippa. Salna sidan 3/3. Ta kontak på tlf 911 88 986

Oreo

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Oreo er no omplassert

Oreo er ein festlig liten gris som no treng ein ny heim. Han er nysgjerrig, sta og veldig selskapssjuk. Med sine triks får han deg til å le. Han kan stå på to bein, sitte og rulle rundt. Han likar å bli klødd på magen. Oreo trivst både ute og inne men hatar å verte våt på skinnet så regn er ikkje tingen. Er ellers glad i brødskiver, frukt og grønnsaker. Han kan også tusle ute og beite litt gras. Er van med fjøs og andre dyr. Men også veldig glad i folk. Kan passe seg for biler. For meir informasjon ta kontakt med Cecilie tlf 97 09 31 88

Sarah

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sarah er omplassert

På Stadtlandet vart denne katten teken hand om i haust. Ingen eigar vart funnen. Den 5 mars reiste Sarah til nye eigarar i Florø.

Armani

2. Mars 2012:

Armani er funnen og komt tilbake til eigar i god behald.
Takk til alle i sentrum av Førde som har hjelpt til med å få han i hus att.

22.januar 2012:

Har nokon sett katten Armani som var mista ut av ein bil i førde sentrum for nokre veker sidan. Han er kastrert, litt forsiktig og kan vere vanskelig å få tak i, men lyder navnet sitt. Sist sett ved Førde barneskule. Har du sett han ta snarast kontakt med Unn tlf 48 35 63 33

Minni

MINNI er no omplassert.

Vesle vakre MINNI er no kastrert og klar for ein ny heim med gode utemuligheter. Ho vart funnen drivande i Førde, mager og forkommen, og hadde nesten gitt opp.
Ingen eigar melde seg ved annonsering, så ho treng ny heim.
Minni er ein makalaus trygg katt, nysgjerrig, og kontaktsøkande.
Ho trivest med huset kaniner og marsvin og ho ruslar saman med dei.
Minni er hos forvert i Førde og vil du vite meir så
ring 483 56 333 og ta ein prat med Unn.

Skotta

 

 

 

 

 

 

 

 

Skotta er no omplassert

Skotta er ein trygg, rolig og lærevillig kvelp. Ho treng ein ny og stabil heim, helst hos nokon som har erfaring med store hunder. Ho sjarmerar dei fleste med sin utsjånad og sitt vinnande vesen, og er glad for å treffe både folk og dyr.

Ho er født 18. september 2011. Dvs at ho no er ca 5 mnd gamal.
Mor til Skotta er ein Dogo Canario og far er blanding av Boerboel og Rotweiler.
Klikk på rasenavna for å lese meir om opphavet.
Alle tre rasane er store og har utprega vokterinstinkt. Det er viktig med mykje sosialisering i tidleg alder.

Sjå fleire bileter på forverten sin Blogg

Send oss ein epost til steinar.kjode@dyrebeskyttelsen-sfj.no , eller ring mob 951 98 514, (17:00-19:00) om du vil vite meir/ er interessert.

Josefine

Josefine er ei kosejente på 2 år som eigar har flytta ifrå. Fram til nyleg har ho budd i garasjen til dyrevenner som har mata henne i lenger tid. Ho er tillitsfull som få, og lengtar etter ein ny heim. Ho vert kastrert, vaksinet, chippa og ormebehandla før ho reiser til nye eigarar.
Er du interessert ta kontakt med Bjørg tlf. 41356276 / bjorg.bjorgum@gmal.com

Årsmøte

Årsmøte for Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane.

Stad: Møterommet til Peppes Pizza, Handelshuset i Førde

Tid: 15:00-18:00, 17.mars 2012

Alle er velkomne.

 

Dyrevelferden må forbedres

Mattilsynet har i 2011 ført tilsyn med dyrevelferden i kyllingproduksjonen, og har avdekket brudd på vesentlige krav som påvirker dyrevelferden. – Vi forventer at næringen rydder opp, sier assisterende tilsynsdirektør i Mattilsynet, Ole Fjetland.
Les meir på mattilsynet.no

Kitty

 

 

 

 

 

 

 

 

Kitty hadde fått seg ny god heim.

Kitty er snart 5 mnd og er ein svært trygg og god katt. Ho er svært sosial med andre kattar og hund.Ho taklar små ungar, ho kan bruke katteluke. Rennande vatn er svært fasinerande, og ho vil helst drikke av kranen. Ho er lita og nett, med veldig fine teikningar. Kitty likar godt å krølle seg saman med ein annan katt, men samtidig er ho ein sjølvstendig katt.Bilkøyring er ho ikkje spesielt glad i, men er roleg i buret. Foreløpig er ho ikkje kastrert, men det er like rundt hjørnet, og kan gjerast før ho reiser til ny eigar. Kitty er i dag hos fórvert i Eikefjorden. Vil du vite meir, ring Unn på tlf 48356333

Dvergbendelorm

Mange hundar er ikkje behandla mot dvergbendelorm
Mattilsynet har gjennomført eit tilsynsprosjekt som viser at ein av sju hundar som kjem inn til Midt-Noreg ikkje er behandla i samsvar med regelverket. Det kan føre til at dvergbendelormen vert spreidd i norsk natur.
Les meir på mattilsynet.no

Katt Vassenden

Ung ukasteret hankatt funne i Vassenden området på Jølster for ca 2 veker sidan. Leiken, reinsleg og kosete katt.
Kjenner du denne, så ta kontakt på mobil 48 35 63 33

Vi hjelper mista/funne dyr attende til eigar, skaffar ny heim til forlatne og eigarlause dyr, tek vare på skadde og sjuke dyr, og bidrar med veiledning og råd gjennom denne nettsida og vår vakttelefon.

Sutten

Dette er Sutten. Han er ein kosen og tillitsfull katt som osar av harmonisk ro. Sutten har hatt same eigar i alle år, inntil no nyleg. Eigar vart sjuk og Sutten heimlaus.

Han er veldig kontaktsøkande og å «prate» er han veldig flink til. Han mæl så snart ein er borti han, og han syns det er veldig deilig å ligge på et fang å få godt med kos. Han søv gjerne i sofaen på natta, men på dagen kjem han som regel ikkje opp i sofaen uten at ein først inviterar han opp. Akkurat som om han søkjer om godkjenning først.Han likar seg godt ute, og er kontaktsøkande også her.Sutten feira 10 år i september men er konstantert «frisk som ein fisk» hos veterinær. .

Sutten har no fått ny heim i Bremanger og bur landelig til ilag med ein eldre mann.

Elvis

Elvis er no omplassert.

Elvis er ein omlag 7 år gamal, vakker langhåra kastrert hannkatt. Han er kjælen og god. Er ein rolig kar som er rimeleg sjølvstendig. Heimekjær, men trivst best som aleinekatt, gjerne hjå vaksne. Har ein gamal hofteskade men er likevel spretten og sprek. Likar godt J/D-for frå Hills, dette gjer nok godt for skaden hans. Elvis kan plutselig finne ut at han vil leike med eit eller anna, men er elles god på å finne seg ein god plass å kvile ;) Likar også å vere ute, og men i dårleg vær berre korte turar. Elvis er sjølvsagt kastrert.

Kontakt Bjørg 41356276 / bjorg.bjorgum@ gmail.com

Go to Top