Ting å tenke på før du skaffar deg eit dyr

Før ein skaffar seg eit dyr er det ein del ting man må tenke igjennom. Dyr skal ikkje anskaffest på impuls, eller gjevast i gåve! Vi omplasserer dyr til mennesker som vi trur kan gje dei ein varig og kjærleg heim. Her kjem ei lita liste over ting som kan være greie å tenkje på før ein skaffer seg ein ny liten ven.

Id-merke / mikrochip

Ein id-chip er ei lita brikke som blir satt under dyret si hud. Denne bærer kontaktinfo om dyret sin eigar. Dyrebeskyttelsen, politiet og veterinær har chipleser. Alle dyr som blir omplassert av Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane er id-chippa og blir registrert på sin nye eigar.

Vaksine og ormekur

Alle hunder og katter som omplasseres via Dyrebeskyttelsen er vaksinerte og har fått ormekur. Dette pliktar ny eiger å følge opp, i henhold til veterinærs retningslinjer.

Kastrering
Katter som blir omplasserte gjennom Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane er kastrerte, og vi oppfordrar alle katteeigarar som ikke driv med rasekattoppdrett å gjere det samme.
Se også www.kastrering.no

Forsikring
Ei god forsikring er smart å ha. Desse kostar litt pengar, men skulle uhellet være ute er det betre å betale 500 kroner i eigenandel enn å måtte punge ut med fleire tusen. Agria har spesialisert seg på forsikring av dyr, og ellers har alle forsikringsselskap forsikringsavtaler på kjæledyr. Er katten din chippa får du som regel billigare forsikring.

Allergi
Før du anskaffer deg dyr kan det være lurt å låne same dyretype frå nokon, for å sjekke om du eller nokon i din familie reagerer på dyret. Hugs også å sjekke deg for høyallergi om du tenkjer på å skaffe deg kanin.

Eigars sjukdom
Har du nokon som kan ta vare på dyret ditt om du skulle bli sjuk? Uforutsette ting kan skje, og då er det lurt å ha ein kriseplan på lur.

Ferie
Har du nokon som kan passe dyret ditt når du er på ferie? Ting kan skje med dyret ditt når du er ute og reiser, og det trenger derfor tilsyn og stell. Kaniner er eksempel på dyr som kan gå fra tilsynelatende friske til kjempesjuke på berre nokre timar, og da held det ikke at den har mat nok til tre dager i buret sitt.

Flytting
Har du tatt høgde for at du skal kunne ta med deg dyret ditt om du skulle flytte i framtida? Det er lett å gjere ein innekatt om til utekatt, men svært vanskeleg å gjøre ein utekatt om til innekatt. Er det lov å ha dyr i bygget du bor i?

Endringar i familiesituasjon
Er du forberedt på å ha dyret med deg om det skjer familieforøkelse eller om du skulle gjere det slutt med kjæresten?

Dyrets levetid
Kattar og hundar kan leve over ti år. Kaniner opp mot åtte. Er du innstilt på å ha dyret med deg så lenge?

Faglig viten
Faglitteratur om dyr finnast i haugevis. Det er eigers ansvar å ha god nok kunnskap om dyret ein skaffar seg. Du bør lese deg opp på dyret du ønsker å anskaffe deg sånn at du slepp uhyggelige overraskelsar.

Del gjerne med dine venner 🙂Share on FacebookEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Google+Share on TumblrPin on Pinterest