Dyremottaket

  • Gravemaskin på plass
  • Skogrydding
  • Meir skogrydding
  • Sliping av sag
  • Fundamentet må være i vater
  • Så kom brakka
  • Store maskiner til store løft
  • Så køyre på plass
  • -fortsatt køyre på plass
  • 3 snikkarar på taket
  • La det bli lys...
  • Luftedør på plass
  • Lufting
  • Så var alt klart
  • Fargerikt inne 🙂
  • Lagerplass
  • Det rosa rommet
  • By night
Alle lokalforeiningar i Dyrebeskyttelsen har behov for ein stad å plassere dyr for kortare og lenge tidsrom. Slik har det og vore for Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane heilt sidan oppstarten for over 20 år sidan. Ofte trengs det snarlige tiltak med ein midlertidig stad, omsorg og medisinsk hjelp. Vi har hatt uvurderlig hjelp av våre forvertar rundt omkring i fylket, i tillegg har vi sjølv stilt våre heimar til disposisjon til trengande dyr.

Likevel er ikkje dette nok til å dekkje det eksisterande behovet. Det å kunne få ein eigen stad for akuttmottak har vore på vår ønskeliste heilt sidan oppstarten. For å kunne få til ei slik løysing, krevs det god nok økonomi, ein plass til sjølve mottaket, og personar som kan ta seg av det daglige stell. 2012 vart det året vi vedtok å realisere denne draumen. Planen var å byggje om ein gammal låve, men undervegs i planlegginga fann vi ei heilt anna løysing på finn.no.

Det var ei stor, ombygd brakke som hadde vore nytta til dyrepensjonat, og var ferdig innreia til dette føremål. Vi vedtok kjapt å endre på planane, og gå for denne løysinga. Det baud sjølvsagt på ein del utfordringar, spesielt sidan brakka vog heile 5 tonn, og måtte hentast i Drammensområdet. Både vekt, breidde og transportdistanse gjorde det naudsynt med spesialtransport. 22. mai 2012 ankom transporten til Høyanger.

Brakka måtte midlertidig parkerast i påvente av ferdigstiling av tomta. Først litt skogrydding – mykje godt dugnadsarbeid vart lagt ned av både vaksne og unge, og ikkje minst hundane som var med på alt J Anleggsmaskinar måtte på plass, både gravemaskin, lastebil og hjullastar var i sving. Nokre dagar seinare var tomta klar, og brakka vart løfta på plass av ein enorm hjullastar. Vidare var snikkar, rørleggar og elektrikar i aktivitet for å få klargjort brakka. Mange arbeidstimar, ein kostbar affære.

Allereide i løpet av juni månad var dei første dyra på plass i dyremottaket. I første omgang er det lagt til rette for katt, men vi kan og ta imot hund, kaninar og andre smådyr. Dyremottaket har 10 romløysingar i ulike størrelsar, og dermed kapasitet til å ta inn minimum 10 dyr, avhengig av størrelse og dyreslag. Dyremottaket var godkjend av Mattilsynet der det kom frå.

No gjenstår det å byggje luftegardar, noko som står på programmet for 2013, dersom økonomien vidare tillèt det. Vi har i heile prosjektperioden hatt gåande ein kronerulling. Dette, i lag med andre pengegåver som har komt inn, har gjort investeringane og arbeidet mulig.

Vi nyttar dette høvet til å takke alle som har bidratt så langt. Vi har fortsatt behov for økonomisk støtte for å komme i mål og for vidare drift.

Kronerullinga er derfor fortsatt open, kontonummer 3720.15.61788.

Utstyr som klatrestativ, kattesenger, tepper og katteleiker er forbruksvare, og vil heile tida vere behov for. Vidare er ei hjelpande hand og dugnadsand alltid velkommen. I perioden dyremottaket har vore aktivt i bruk i 2012, utgjør det ca 1200 overnattingsdøgn, som igjen har bidrege til at vi har kunne hjelpe fleire dyr på ein god måte. Vi håpar at dyremottaket vil bidra positivt i vår aktivitet i mange år framover.

Del gjerne med dine venner 🙂Share on FacebookEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Google+Share on TumblrPin on Pinterest