Barne – og ungdomsaktiviteter

Det meste av vårt arbeide gjennom året er prega av hasteoppdrag, kall det gjerne «brannslukking».  Då er det lett for at det forebyggande og det langsiktige arbeidet kjem litt i bakevja.  Det å få engasjert barn og unge er aktiviteta som kan definerast som langsiktig arbeide då disse unge ein dag vil bli større og via sin aktivitet hos oss  ha seg danna seg gode holdninger til dyr samt at nokon av disse ein gong kansje vil vere blant våre mest aktive støttespelera.  Vi har hatt litt aktiviteter for barn og unge dette året og nevner i den samanheng følgande:

Kjæledyr og foring av fugl.
Fleire barn og unge har vore samla på Myrmel Dyrepensjonat der det har blitt gitt informasjon om kattehald, hundehald samt foring av villfugl. Her blei det gitt praktiske råde samt opplæring i korleis dei kunne veilede andre som har kjæledyr.  Det vart og anledning til å besøke katter og hunder i dyrepensjonatet, turgåing med hunder samt besøk på ein foringsplass for villfugl der det blei gitt praktiske råd om fortyper, foringsmåte samt råd om egna plass til foring av fugl.

Dyra i skogen.
Ein finn dag i mars var vi ein heil gjeng ute i skogen for å starte arbeidet med å skaffe til veie tømmer som vi skulle lage Dyremottak av. Dei unge hjalp til med rydding av kvist og greiner frå felte tre.  Samstundes blei det informert om ville dyr i skogen med hovedvekt på hjorteviltet.

Viltband.
Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og fjordane har i mange år vore engasjert i dei dyrevernmessige problemene med påkjørsle av dyr.  I 2012 har vi fleire stader i fylket delt ut viltband til trafikanter, totalt 1000 band.  Viltbandet bruker ein om uhellet er ute, det fortel kva ein skal gjere, kor ein skal varsle og at bandet viser kor eventuelt ettersøkspersonell skal starte søke etter skadde dyr.  Nokre av våre ungdommer delte seg i 2 grupper og hadde utdeling av viltband i Førde og i Høyanger der dei avslutta med å gå på kafe og spise pizza.

Arbeidet med dyremottaket.
I forbindelse med etablering av eit dyremottak var det behov for litt skogrydding o.l. Her hadde vi med nokre barn og unge som deltok flittig. Nokre av disse har og hjelpt til med stell av dyr, reinhald og rydding i det ferdige mottaket.

Del gjerne med dine venner 🙂Share on FacebookEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Google+Share on TumblrPin on Pinterest