Oda

Oda 1Oda 2Oda 3

Oda er skikkelig selskapssjuk og glad i menneske, ho kjem så snart ein ropar på ho og stryk seg inntil for å få meir kos. Oda er ca 2 år gammal, og oppkalla etter dama som gav ho mat og husly, og som no er forvert for ho. Oda er ein av våre kjendiskattar som NRK Sogn og Fjordane har laga artikkel om, den kan du lese her; http://www.nrk.no/sognogfjordane/kattar-slit-i-kulda-1.12773633

No er Oda klar for sin permanente heim der ho får mykje omsorg og eit godt, stabilt liv. Kan du tenke deg å adoptere Oda, ta kontakt på bettina@dyrebeskyttelsen-sfj.no og fortel kva du kan tilby Oda. Du kan også ringe på tlf 412 44 002 for ein katteprat. Som alle våre kattar er Oda kastrert, vaksinert, ID-merka og behandla med ormekur.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Hårek

HÅREK kan trygt anbefalast i ein heim/ gårdsbruk med høner og fuglar (fuglen på bildet er ikkje til omplassering). Han vart også funnen i eit hønsehus der han delte maten med hønene 🙂
Hårek er ca 4 år og storsjarmør, som koser, trakkar og trør berre du ser på han.
Hårek trivast veldig godt ilag med litt større barn og vil gjerne sove i samme seng som dei 🙂 Er ein kjempesosial og roleg katt
Små babyar er søte, men 3 åringar er det tryggast å holde seg unna, meinar Hårek.
Hårek har ein tjukk, kraftig pels som nok treng litt stell, men det taklar han bra 🙂
Veldig flink å bruke dokassa, og klatrestativet vart tatt i bruk med eingong 🙂
Han er nok ein pus som ikkje vil dele hus med andre pusar.
Hårek er kastrert, vaksinert, chipa og ormebeh.
Har du rette heimen for Hårek, ring til Christian på tlf 47902539

Hårek 1Hårek 2Hårek 3

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Mitzy

Vakre Mitzy på 3 år ønsker seg en god og rolig heim med store barn. Ikke under ungdomsskole alder. Ho er veldig forsiktig og var på lyder og bevegelser. Har hatt en tøff oppvekst.
Men når ho først har fått tillit er ho en goklomp, det tar litt tid men er verdt det. Ho vil trenge endel pelsstell for at den ikke skal tove seg. Ho vil ikke trives i et byggefelt med mange katter i området, det må vere et landlig området. For meir info ta kontakt på 901 75 156 / rig-sil@online.no.

Mitzy 1Mitzy 2

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Pader

PaderPader 1

Kosegutten Pader treng ein varig, trygg og omsorgsfull heim ♥ Pader er hos forvert der han omgås både katt og hundar, noko han taklar fint. Han likar godt å ligge i vinduskarmen og følge med på det som skjer utandørs. Flotte Pader er ein usedvanleg kosete herremann – vil du ikkje kose, så skal du 😉 Pader er også spesielt glad i mat, han kosar seg i matfatet og seier i frå om det er tomt. Ein pratsom og kontaktsøkande katt. Pader er ikkje noko glad i å være lenge aleine eller innestengt på eit rom, så han treng difor å komme i ein heim der han får friheit og rom i lag med eigar/ familie. I starten treng han tid på å bli trygg/ få tillit, men til gjengjeld er han ein levande kosebamse 🙂
Han er ca 1 år gammal og vil fortsatt vokse seg større og meir langhåra.- han er kastrert, vaksinert, chippa og har fått ormekur.

Ønsker du og gi Pader ein god og varig heim? Ta kontakt på tlf 41 24 39 97 eller kristine@dyrebeskyttelsen-sfj.no der du fortel litt om deg sjølv, familie- og buforhold. Er på jakt etter sin nye familie, der han får vere eit sentralt midtpunkt og få all den oppmerksomheta han ønsker og treng.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Eviana

Eviana 1Eviana 2

Eviana er ei nydelig sjokoladebrun pusefrøken fra Nordfjord med ein kvit flekk på brystet. Om Eviana får velje vil ho liggje på fanget og kose heile dagen. Ho elsker mennesker og vil fungere like godt hjå ein barnefamilie som hjå einslege.
Så lenge ho har noko å leike med og nokon som gir ho merksemd er ho stornøgd.
Eviana har ein fantastisk personlegdom og har klart å sjarmere alle som har vore på besøk hjå forvert, både barn og vaksne.
Eviana er anslått å vere rundt 8 år gamal, men er fortsatt leken og i god form.
Etter ti minutt med denne katten er vi sikre på at du ikkje kjem til å klare å forlate ho. Eviana er parasittbehandla, sterilisert og vil bli vaksinert og ID-merket i ny eigars navn.

Er du den som vil hjelpe henne videre i livet, ta kontakt på epost: kristin@dyrebeskyttelsen-sfj.no eller tlf. 412 44 001

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Kompis

Florøkatt, Kari Elveseter Florøkatt, Kari Elveseter

Kompis kom ein dag haltande forbi eit bustadhus i Florø, og ved nærare augesyn kunne ein lett sjå at han hadde gått svolten over lang tid. Takka vere snille menneske er «skinn og bein», vond fot og ein skeptisk katt er no endra til ein velfødd, frisk og god kosekatt. Ingen veit kvar han kjem frå, og ingen har meldt seg som eigar på våre etterlysningar. Han er no kastrert, vaksinert, ormebehandla og ID-merka, og treng ein omsorgsfull for-alltid-heim. Kan du tilby Kompis eit godt og verdig liv vidare, send ein mail der du fortel litt om deg sjølv/familie/busituasjon til bettina@dyrebeskyttelsen-sfj.no eller slå på tråden til tlf 412 44 002.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Quattro

IMG_3413IMG_3395IMG_3425

Quattro er reservert for ny heim! Quattro treng omsorgsfull, aktiv og varig heim! Alaska Husky hannhund på snart 2 år (født 22. mai 2014), ikkje stamtavle. Snill, aktiv storsjarmør som treng miljøtrening og stor fysisk aktivitet. Quattro har eit utprega flokkinstinkt og må få vere saman med andre hundar. Ved interesse for Quattro, les her http://dyrebeskyttelsen-sfj.no/omplassering/ og send utfyllande mail til bettina@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Saga


sagamai
bilde (5)
Saga er ein kul katt med ein dramatisk og gåtefull personlighet. Ho har mange sider og viser følelser. Når ho stolar på deg så elskar ho deg, om du prøvar å tvinge ho i eit bur kan det gå lang tid før ho tilgir. Alderen er uvisst men er voksen. Saga si ungdomshistorie kjenner vi lite til men ho har nok gått ute ei god stund og ikkje hatt det så lett. Saga er på kattemottaket vårt i Høyanger, her fungerer ho utmerket med dei andre kattane. Når det gjeld folk treng ho først å finne ut om dei er å stole på. Saga fortjener no å kome til ein roleg heim der nokon kan ha tolmod til å la ho blomstre og bli trygg, og verdsetje hennar fargerike personlighet.

Kontakt: Bettina på telefon 412 44 002 / Bettina@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Helle

Helle

Vakker, langhåra hokatt som nyt å få vere inne i varmen. Helle er ca 2 år og er no på leit etter sin for alltid – heim, der ho får all omsorg, tryggheit og eit godt liv. Helle er kastrert, vaksinert, ID-merka og har fått ormekur. Fleire bilder av ho kjem. Kan du tenke deg å ta Helle inn i din familie, kontakt Ove på telefon 930 02 641 eller mail til ove@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Severin

SeverinSeverin-i-fra-Stryn-300x200

Severin har vokst opp i ein kattekoloni i Nordfjord. Treng tid på å bli trygg på menneske. Har DU den tida og hjerterom for Severin? Veiledning vil bli gitt, samt kattemat og kattesand i starten (som forvert). Han vil bli raskare trygg i ein heim enn på kattemottaket. Ved interesse for å adoptere Severin, ring Bettina på tlf 412 44 002 eller send mail til bettina@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Lolla

IMG_6693IMG_6698

Lolla er nettopp passert 1 år og har vore hos forvert i snart 3 mnd.

Vi veit litt om henne før ho kom til oss og etterkvart kan vi fortelle korleis ho fungerer.

Lolla trivest med hund, både stor og liten, og ho går greitt saman med forverten sine 3 hannkatter.

Ho er ikkje glad i små ungar og springande små bein og høge barnestemmer, då trekker ho seg unna.

Vi kan vel sjå at ho er hardhendt behandla, men no er ho byrja og stole på at hender er gode greier.

Ho møter deg i døra med halen som ein liten propell, ikkje vanskeleg og forstå denne katten, men sjølv

om ho vil ha kos så er ho likevel på vakt. Derfor har ho ofte store pupiller. Ho viser deg hengivenhet med

forsiktige slikk på handa. Ho vil gjerne vere med deg overalt og ho er veldig glad i rennande vatn.

Lolla har nok vore for mykje ute i sitt unge liv, ho viser ingen interesse for det som er utanfor døra,

men det vil komme seg når det vert vår og varme.

Pelsen til Lolla er det tettaste og mjukaste du kan tenkje deg, ho er liten og tung. Mat er veeeeldig godt,

ho eter det som kan etast. Men magen hennar vil helst ha Hills tørfor.Og ho vil ikkje ddele maten sin med nokon.

Lolla er ein aktiv katt som treng litt plass rundt seg, ho er veldig flink og leike, og ho får  huset sine gamle katter

til og vere med på leiken.

Veldig reinsleg og ein katt som eg kan anbefale og som no er klar for sin endelege heim. Ho er kastrert og chippa.

Vil du vite meir om Lolla så ring Unn på 48356333 eller send ein mail til unn.vatso@enivest.net

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Lilly

Lilly 1Lilly 2

På prøve i ny heim! Lilly 5 mnd. er klar for sitt foralltid hjem. Hun er leken og kosete som få. Når han har lekt litt og får sove på fanget ditt er han en lykkelig pus. Hun er kastrert og vaksinert og vil bli chippet i eiers navn. Kan du gi Lilly drømme hjemmet? Send en Mail til kristin@dyrebeskyttelsen-sfj.no og fortell litt om hva du har å tilby Lilly

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Fiinbeck

Finbeck 1Finbeck 2

På prøve i ny heim! Fiinbeck & Fia, ca 7 mnd. gamle kattunger som er utruleg nok er fråflytta.
Desse vakre pusane er skjelden gode og kosete, Fia hoppar opp på fanget ditt, og gjerne opp på skuldrane dine når du sitter. Fiinbeck likar ikkje så godt å bli holdt, men er kjempekosete. Nesten umuleg å ta bilde av, skal berre kose.
Dei begge sjarmerar forvert i senk.
Me har no fått opplysning om at dei tidligare budde ei stund i kvar sin heim, men vart flytta sammen att pga alergi, så dei treng ikkje omplaserast i lag. Dei vert kastrert, chipa, vaksinerte og ormebehandla snarast.
Kan du hjelpe dei vidare i livet send epost til: bjorg@dyrebeskyttelsen-sfj.no eller ring tlf. 41 35 62 76. 

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Fia

Fia 1Fia 3

På prøve i ny heim! Fiinbeck & Fia, ca 7 mnd. gamle kattunger som er utruleg nok er fråflytta.
Desse vakre pusane er skjelden gode og kosete, Fia hoppar opp på fanget ditt, og gjerne opp på skuldrane dine når du sitter heart emoticon Fiinbeck likar ikkje så godt å bli holdt, men er kjempekosete. Nesten umuleg å ta bilde av, skal berre kose.
Dei begge sjarmerar forvert i senk.
Me har no fått opplysning om at dei tidligare budde ei stund i kvar sin heim, men vart flytta sammen att pga alergi, så dei treng ikkje omplaserast i lag. Dei vert kastrert, chipa, vaksinerte og ormebehandla snarast.
Kan du hjelpe dei vidare i livet send epost til: bjorg@dyrebeskyttelsen-sfj.no eller ring tlf. 41 35 62 76.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Floka

Floka 1Floka 2

Hugsar du Floka som gjekk frå hus til hus og tigga etter mat i 1 1/2 år. Alle hadde sett henne men ingen tok henne inn …. Og TUSEN TAKK til dei som meldte frå så Floka fekk den hjelpa ho så sårt trengte!
No har Floka fått hjelp til panserpelsen sin, har fått kvilt seg ut etter å ha vore på vakt så lenge.
Floka er ein skikkeleg kosepus, som maler og maler, får ikkje nok kos, og som er glad i alle folk, er veldig opptatt av litt større barn, og ligg i senga med husets 11 åring. No når kreftene er tilbake visar det seg at ho er veldig leiken!
Er litt skeptisk og redd andre kattar.
Så me tenker ho skal få vere åleinepus i sin nye heim.
Pelsen hennar er på veg til å vekse ut att, men det tar nok ei stund før ho kan ver ute.
Er DU den som kan gje henne den trygge og stabile heimen ho fortjenar?
Då tar du kontakt på epost: bjorg@dyrebeskyttelsen-sfj.no eller tlf. 41 35 62 76.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Alfons

Alfons 2Alfons 1

Reservert for ny heim! Alfons 5 mnd. er klar for sitt foralltid hjem. Han er leken og kosete som få. Når han har lekt litt og får sove på fanget ditt er han en lykkelig pus. Han er kastrert og vaksinert og vil bli chippet i eiers navn. Kan du gi Alfons drømme hjemmet? Send en Mail til kristin@dyrebeskyttelsen-sfj.no og fortell litt om hva du har å tilby Alfons.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Svarte Orm

Svarte Orm 1Svarte Orm 2

Svarte Orm, ca 7 mnd.
Glinsande vakker, langbeint, atletisk er ord som vert brukt om vår nye venn.
Vert nok ein stor flott katt dette.
100 % reinsleg på dokasse, kosete og taklar andre kattar bra. Er van med små barn.
Likar å vere blandt folk og har ungdommeleg mot.
Vert kastrert, chipa og vaksinert snarast.
Kan du gje Svarte Orm den heimen han fortjener ta kontakt på epost: bjorg@dyrebeskyttelsen sjf.no eller tlf.41 35 62 76

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Mr. Grey

Shades of grey

På prøve i ny heim! Mr. Grey er ufattelig god og kosete katt som dessverre gjekk seg bort frå sin opprinnelege heim, slik ukastrerte hannkattar ofte gjer. Vi har ikkje lykkast å finne eigar, så Mr. Grey treng no ein ny og permanent heim. Han er ca 2 år og no kastrert, vaksinert ID-merka og obligatorisk ormebehandla. Ved interesse for å adoptere Mr. Grey, kontakt Bjørg på telefon 413 56 276 eller send ho ein mail på bjorg@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Heisan

Heisann

Heisann er ein kosete godgutt på omlag 1,5 år – og bror til Hoppsann som vi også har inne. Heisann er kastrert, vaksinert, parasittbehandla og ID-merka, ein minimums»pakke» alle kattar bør få. Frisk og rask, og vennlegheita sjølv. Kan du tenke deg å gje Heisann den heimen han ønskar seg? Kontakt Kristin på telefon 412 44 001 eller send mail til kristin@dyrebeskyttelsen-sfj.no der du opplys kva du kan tilby denne flotte katten.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Bogart

Bogart

Bogart er ein fornøyeleg kar med dei vakraste grøne auge du kan tenke deg. Tappert har han greidd seg utandørs i omlag 2 år, det siste året har han fått mat av ei snill dame. Er no komen i hus hos Dyrebeskyttelsen, og er kastrert, vaksinert, parasittbehandla og ID-merka med mikrochip. Bogart er kjælen og god, straks på leit etter sin draumeheim. Kan du tilby han omsorg og ein god varig heim, ta kontakt med Bjørg på telefon 413 56 276 eller mail til bjorg@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Nando

Nando

Nando og Lille My -omplasserast ilag.

Lille My og Nando er sysken og omlag 15 -16 veker gamle. Dei er veldig avhengig av kvarandre og leikar , ete og søv ilag stort sett heile tida. Begge er veldig glad i kos , og å liggje på fanget.
Lille My er den som er mest energisk av dei to, og elskar å springe rundt samtidig som ho kastar rundt på den lille bamsen sin. Nando er litt roligare , men han har sine runder han og.
Når dei begge er slitne , finn dei fort roen ilag enten oppi sofaen , midt i senga eller på badet. Då kan dei sove ilag i fleire timar.
Både Lille My og Nando er superflinke til å bruke kattedoen.
Begge er og vortne godt vande med både hund og andre kattar og hundane ligg dei heilt inntil og kan godt sove ilag med dei.
Om du kan tenke deg å gi desse to sjarmtrolla draumeheimen, kontakt oss på annejo@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Lille My

Lille My

Nando og Lille My -omplasserast ilag.

Lille My og Nando er sysken og omlag 15 -16 veker gamle. Dei er veldig avhengig av kvarandre og leikar , ete og søv ilag stort sett heile tida. Begge er veldig glad i kos , og å liggje på fanget.
Lille My er den som er mest energisk av dei to, og elskar å springe rundt samtidig som ho kastar rundt på den lille bamsen sin. Nando er litt roligare , men han har sine runder han og.
Når dei begge er slitne , finn dei fort roen ilag enten oppi sofaen , midt i senga eller på badet. Då kan dei sove ilag i fleire timar.
Både Lille My og Nando er superflinke til å bruke kattedoen.
Begge er og vortne godt vande med både hund og andre kattar og hundane ligg dei heilt inntil og kan godt sove ilag med dei.
Om du kan tenke deg å gi desse to sjarmtrolla draumeheimen, kontakt oss på annejo@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Erle

EP

Erle er på prøve i ny heim. Smellvakker, humoristisk pusejente med eit aktivt kroppsspråk – fødd og oppvaksen i vill tilstand og uten kjennskap til menneske, no er ho tam men har eit lite stykke att før ho er heilt trygg. Kan du gi ho varig tryggheit og omsorg i din heim? Erle er ca 2 år, og er kastrert, vaksinert, ormebehandla og ID-merka. Kontakt Bettina på tlf 412 44 002 eller epost til bettina@dyrebeskyttelsen-sfj.no ved interesse for å gi henne livet ei prinsesse verdig.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Sonja

Sonja

Sonja

Sonja ein flott familiekatt som måtte fort ut av heimen sin grunna akutt allergi hos eitt av barna. Sonja er kvit og gråbrun med lekker mjuk lang pels, som treng litt jevnlig pelsstell. Ca 6 år gammel. Kastrert, ID-merka med chip og vaksinert, samt regelmessig ormebehandla. Er du interessert i å adoptere denne mjuke kosejenta, kontakt Bettina på tlf 412 44 002 / bettina@dyrebeskyttelsen-sfj.no

http://dyrebeskyttelsen-sfj.no/omplassering/

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Cosinus

Cosinus er nydelig grå og en herlig koseklomp på ca 3 år.
Han kommer gjerne på fanget for kos og er i himmelen vis han får snike seg opp i ei seng.
Vil trivest best i familie som ikkje har barn under skulealder. Hos forvert fungerer han bra med hunder. Kan du tilby Cosinus et godt og trygt hjem i landlige omgivelser for resten av hans liv, høyrer eg gjerne fra deg. Send gjerne ein mail og fortel litt om deg sjølv, familie, bu / trafikkforhold. Cosinus er kastrert, chippa og vaksinert.
20150907_100816

20150911_161635rigmor@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Feios

Feios-Pus1Feios-Pus2Feios-pus3

Feios er reservert til ny heim. Feios dukka plutselig opp i …. Feios. Ein tynn, skrøpelig og remjande ukastrert hannkatt, som kom på døra og trygla om mat. Det fekk han. Han fekk også ormekur og flåttmiddel av den snille dama – han valgte heilt riktig dør å «banke på». Snart vart han sterkare og riktig prektig! Er no kastrert, vaksinert og ID.merka, og treng å få sin varige drømmeheim. Ved interesse for å adoptere Feios, send mail til bettina@dyrebeskyttelsen-sfj.no eller ring på tlf 412 44 002.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Storm

Storm7Storm10Storm11

Storm er ein av fleire heimlause kattar som Dyrebeskyttelsens hjelparar fekk fanga inn på det stormfulle Staveneset i Askvoll kommune. I motsetning til dei andre kattane som vart fanga inn der, viste han seg å vere både tam og kjælen. Det fins ikkje fastbuande i dette området, så han må ha komt langveges i fra. Etterlysningar har dessverre ikkje ført oss nærmare opprinneleg eigar, derfor treng Storm ein ny familie – i ein god og evigvarande heim. Storm er ein av våre premiekattar da han har eit ufatteleg godt lynne. Han er ein leiken storsjarmør som er lett å bli glad i, og spesielt har han og forvertfamiliens 11-åring fått eit nært vennskap. Han trives også blant husetes andre kattar, og er lett å forholde seg til for både 2- og 4-beinte. Storm er 2 år og er no kastrert, vaksinert, ID-merka, ormebehandla og middbehandla. Er DU klar for å la denne flotte katten sjarmere deg i senk? Send ein mail der du fortel kva heim du kan tilby, til bjorg.bjorgum@gmail.com – eller du kan ringe Bjørg for ein hyggeleg katteprat på telefon 412 78 002.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Stan

Stan og Steven 1Stan og Steven 3Stan og Steven 2

Kattungen Stan er fødd i friluft på det forblåste Staveneset, av ei tapper heimlaus kattemor. Hennar 2 små kattungar hadde aldri vore handterte av menneskehender, men sjølv kor redde dei var brukte dei aldri verken klør eller tenner. Ein månad med gradvis tilvenning til menneske har gjort underverker for Stan og kullbror Steven – dei er no trygge, kosete og leikne. Nesten som to dråpar vatn, og med sjeldant gode gemytt. Dei som får desse i hus er heldige! Begge kattungane hadde oppblåste «makkamagar», men etter gjentekne ormekurar (obligatorisk) er dei no heilt fine i magehusa sine. Avhengige som dei er av kvarandre, vert dei sjølvsagt omplasserte saman. Har DU den rette og varige drømmeheimen for desse gode gromgutane? Send ein mail der du fortel kva heim du kan tilby, til bjorg.bjorgum@gmail.com – eller du kan ringe Bjørg for ein katteprat på telefon 412 78 002.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Steven

Stan og Steven 4Stan og Steven 4Stan og Steven 2

Kattungen Steven er fødd i friluft på det forblåste Staveneset, av ei tapper heimlaus kattemor. Hennar 2 små kattungar hadde aldri vore handterte av menneskehender, men sjølv kor redde dei var brukte dei aldri verken klør eller tenner. Ein månad med gradvis tilvenning til menneske har gjort underverker for Steven og kullbror Stan – dei er no trygge, kosete og leikne. Nesten som to dråpar vatn, og med særs gode gemytt. Begge kattungane hadde oppblåste «makkamagar», men etter gjentekne ormekurar (obligatorisk) er dei no heilt fine i magehusa sine. Avhengige som dei er av kvarandre, vert dei sjølvsagt omplasserte saman. Har DU den rette og varige drømmeheimen for desse gode gromgutane? Send ein mail der du fortel kva heim du kan tilby, til bjorg.bjorgum@gmail.com – eller du kan ringe Bjørg for ein katteprat på telefon 412 78 002.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Venus

venus og vesla

venus

venus2Venus er ei vakker pusefrøken på 2 år med en heilt spesielle fargeteikningar. Her er det innblanding av rasekatt, mest truleg ragdoll då dette stemmer overens med farge og personlegheit.
Venus likar seg best i sofaen, på fanget eller midt på golvet der ho har full oversikt over alt som skjer. Ho er nysgjerrig og leiken og med en fantastisk personlighet som smelter alle.

Venus er vant til barn og andre kattar, ho trekk seg litt tilbake når det vert for mykje lyd. Ho vil verte ein flott familiekatt for en barnefamilie. Er kastrert, vaksinert, ID merka og behandla mot innvollsorm.

Kan du tilby Venus drømmeheimen? Skriv litt om deg/din famile på e-post til: heidi@dyrebeskyttelsen-sfj.no eller ring 413 56 276

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Lasse

lasse1lasse2Lasse er ein kattunge og har hatt ein hard start på livet. Født ute tidleg i sommar av ei heimlaus, menneskesky kattemor. Lasse er diverre den einaste overlevande av 4 søsken og han er no ute etter draumeheimen som kan gi han det lange og lykkelige livet han fortjener. Han er kosen og leiken og er vant til barn og andre kattar. Hos forvert i Førde. Ta kontakt på e-post: heidi@dyrebeskyttelsen-sfj.no eller tlf 413 56 276 om du kan tilby Lasse drømmeheimen.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?