4 kattungar

15227894_10157822168780261_1019107634_n

Vi har fått inn 4 kattungar på ca 8 veker. Desse vart også leverte inn til avliving hos veterinær, men får mot alle odds likevel ei trygg framtid no. Dei er klare for omplassering når dei er ca 12 veker gamle, og ferdig behandla for augekatarr osv.

Dersom du ønsker å melde din interesse, kontakt Beate på mail beate@dyrebeskyttelsen-sfj.no eller tlf 413 69 258

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Smilla

hj-smilla-1 hj-smilla

Smilla treng komme til ein trygg og god foralltid heim. Smilla bur nå hos forvert i lag med søskena Styrk, Silia (reservert for ny heim) og Saga, saman med mange andre pusar og ein hund 🙂

Kan du tenke deg å bli mennesket til en eller flere av oss? Skriv veldig gjerne ein mail til heidi@dyrebeskyttelsen-sfj.no der du forteller om deg sjølv. Du kan og ringe Heidi Johanne på tlf 41 35 62 77.

 

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Styrk

styrk-4styrk-3styrk-1styrk-2styrk2hj-styrk

Styrk er ein vakker liten tøffing. Han er født ute ca 1 august. Mor, 3 søstre og Styrk vart tekne inn når dei var noen uker gamle. Søstrene har fått sine «foralltid heimar», og nå håpar Styrk å finne sin. Han er klar for adopsjon, er vaksinert og fått ormekur. Nå bur han ilag med andre kattar i ulik alder, hund og tenåringar. Er du den som kan gje Styrk sin nye heim? Send gjerne mail med info om deg sjølv, evt familie og butilhøve til : hjboyum@gmail.com. Du kan og ringe Heidi Johanne på tlf 91 00 96 60

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Tigra

Tigra 3 Tigra 4 Tigra 5 Tigra 6 Tigra 7

Tigra er ei ung, tigerfarga hokatt på 1 år. Ho kom til oss i juli etter at ho gått nokre veker på Kaupanger. Til tross for fleire etterlysningar har ingen eigar meldt seg. Tigra er veldig kosete, kontaktsøkande og pratar masse. Ho er nysgjerrig og leiken og vil helst sove i fanget. Ho er lett å bli glad i og vil passe i ein heim utan andre dyr. Tigra er stuerein, sterilisert, ID merka, vaksinert og ormebehandla. Vil du melde din interesse for Tigra, kontakt med Kristine på kristine@dyrebeskyttelsen-sfj.no eller tlf 412 43 997

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Elsa og Olaf

Elsa og Olaf 3Elsa og Olaf 2Elsa og Olaf

Reserverte for ny heim! Dette søskenparet kjem frå Eikås i Jølster. Dei vart født ute i mai av ei ung mor, som ein ikkje har funne eigar til. Mora har frå hausten i fjor søkt tilhold hos ei snill dame som har gitt ho mat, men i sommar måtte heile kattefamilien til forvert. Begge kattungene var då veldig redde i, men har no blitt mykje tryggare.
Elsa er fortsatt litt sky, og ikkje så glad i andre katter, men ho liker veldig godt å få oppmerksomhet og kos. Ho er ein vakker katt som kanskje passer best hos ein familie utan andre dyr. Men ho er fortsatt ung og har gode muligheter for å bli enda tryggare på seg sjølv og andre.
Olaf er ein beskjeden, hyggelig kar som liker å få kos. Han har utvikla seg frå ein liten, redd kattunge som kun ville ligge innerst i buret, til å kome frivillig til forvert for kos. Han er en herlig, vakker og nysgjerrig kar som har blomstra veldig opp, og som liker å leike med andre katter hos forvert.
Kattane kan adopterast kvar for seg. Kattemamma Alba i midten, er også reservert for ny heim.
Dersom du er interessert kan du kontakte Kirsti: 40060522

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Spicy

Spicy

Reservert for ny heim! Spicy er født midt i mai og kom til dyrebeskyttelsen saman med broren Harry, etter at mor døde. Ho er sosial, elsker kos, maler berre du ser på ho, og er uredd for nye menneske og dyr. Ho er leiken, forventer oppmerksomhet og vil veldig gjerne kravle over, under og rundt når ho får kos. Ho vil passe passe godt inn hos familer med små barn, då ho er veldig rolig og aksepterer å bli «herja» med.

Er du interessert, ta kontakt med Kirsti: 40060522

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Mycroft

Anne 1,1Anne e 1Anne Eide 1

Snill, aktiv og veldig leiken gut søker ny og varig heim. Han har hatt ein litt tøff start på livet, er glad i folk, men veldig sjølstendig. Selskapssjuk og veldig glad i mat. Pratsom! Vil nok trivast aller best som aleinekatt, hjå forvert bur den med tre andre som han likar å herje med, men kan og vere snill og omsorgsfull med dei. Kontakt Bettina ved interesse for Mycroft, tlf 412 44 002 eller mail til bettina@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Børre

DSC_0006DSC_0017Børre er ein større kattunge ( født mai 2014) med mange gode eigenskaper. Han er nysgjerrig og likar små born, har ein fin tilnærming. Børre er også sosial og kjem godt overeins med andre kattar. Han er også sjølvstendig og tørr å ta att om der er større kattar som «tergar» han. Mor er «Mamsen» som også er til omplassering. Hos forvert i Førde. Er kastrert, vaksinert, ID-merka og ormebehandla. Ta kontakt på post@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Pricilla (og Elvis)

Puh

Kosepuser klare til adopsjon.

Elvis (sort og hvit ) er en 6 år gammal kastrert hannkatt. Han er ekstremt snill, men trenger litt tid på seg. Han er ganske kjelen av seg. Og elska å ligge i senga, sofa, bordet, you name it😅

Pricilla (grå) er 4 år, ho katt og sterilisert. Ho er ekstremt tålmodig og snill.
Dei er vande med store uteområde, med skog og urørt natur. Og ikke minst, minimalt med trafikk og lite folk. Vi vil gjerne få de omplassert sammen til noen som bur litt landlig til. Dei er vande med store uteområde og får komme inn og ut slik dei vil. Dei er vande med barn (likar best større barn) husreine og veldig snille. Sterilisert. Begge to er verdas snilleste. Begge kattene er knytta til hverandre så jeg ser helst at dei får verte omplasserte ilag. Dei er vant med å gå ut og inn nett som dei vil. Veldig oppbrelte, får ligge der dei vil. Dei elska å ligge i senga ilag med oss. Dei er vande med å bu landeleg til med mykje natur rundt og bylivet er nok ikkje noko for dei. Når vi er å går på tur i skogen eller fjæra so e dei gjerne med. Puhen har faktisk gått på fjellet med oss også. Elvis og Puh vil bli vaksinert og chippet i ny eigers navn.
Kan du gi disse gode pusene sitt drømmehjem? Send en mail til beagree@live.no og fortell litt om deg selv og hva du kan tilby.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Elvis (og Pricilla)

Elvis 1 Elvis 2Puh

Kosepuser klare til adopsjon.

Elvis (sort og hvit ) er en 6 år gammal kastrert hannkatt. Han er ekstremt snill, men trenger litt tid på seg. Han er ganske kjelen av seg. Og elska å ligge i senga, sofa, bordet, you name it😅

Pricilla (grå) er 4 år, ho katt og sterilisert. Ho er ekstremt tålmodig og snill.
Dei er vande med store uteområde, med skog og urørt natur. Og ikke minst, minimalt med trafikk og lite folk. Vi vil gjerne få de omplassert sammen til noen som bur litt landlig til. Dei er vande med store uteområde og får komme inn og ut slik dei vil. Dei er vande med barn (likar best større barn) husreine og veldig snille. Sterilisert. Begge to er verdas snilleste. Begge kattene er knytta til hverandre så jeg ser helst at dei får verte omplasserte ilag. Dei er vant med å gå ut og inn nett som dei vil. Veldig oppbrelte, får ligge der dei vil. Dei elska å ligge i senga ilag med oss. Dei er vande med å bu landeleg til med mykje natur rundt og bylivet er nok ikkje noko for dei. Når vi er å går på tur i skogen eller fjæra so e dei gjerne med. Puhen har faktisk gått på fjellet med oss også. Elvis og Puh vil bli vaksinert og chippet i ny eigers navn.
Kan du gi disse gode pusene sitt drømmehjem? Send en mail til beagree@live.no og fortell litt om deg selv og hva du kan tilby.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Finduz

Finduz

På prøve i ny heim! Finduz er av ukjent opphav, men truleg født i 2015. Han dukka opp i Halbrendslia i Førde seint i 2015, og ei jente forbarma seg over han og tok vare på han midlertidig. Då Finduz kom til oss i juni 2016 vart han kastrert, vaksinert og Id-merka. Han har fortsatt litt hormoner i kroppen og kan vere litt territorial overfor andre katter, men mot mennesker er han noko av det mest kosete som finst, han elsker kroppskontakt, og kan ligge lenge inntil deg, og gjerne opp i halsen. Han «prater» med masse rare lyder, og maler lett. Dette er ein artig, kosete, leiken katt som også er vant til barn. Og ikkje minst veldig lett å bli glad i.

Ønsker du å tilby Finduz ny heim, ta kontakt på mobil: 40060522

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Elvis

IMG_7970 IMG_7972 IMG_7996

På prøve i ny heim! Elvis er ein ung kastrert perser uten stamtavle. Han treng ny varig heim hos erfarne perserfolk, som bør ha masse tid til han. Elvis trivest saman med vennlege hannkatter, livet som åleinekatt passer nok ikkje for han. Han storkoser seg ute i fint ver, og han kan bruke katteluke. Pelsen er pr i dag kort, han har vore heilt skinna, men den vekst fint ut att. Han nyter og verte vaska i fjeset, nyter børsting, så når tida får gå vil han nok vert fluffy og fin igjen. Elvis er muskuløs, så langt vi kan sjå er han frisk og klar for sin nye heim. Han har vore med i bil, og det går heilt fint. Han takler roleg hund, men ikkje van med små barn. Han er svært hengiven, har stor sjarm og sjølvtillit, er reinsleg og ein svært triveleg kar og ha i hus. Han er hos forvert i Førde, og reiser no på ferie med vertsfamilien sin. Kan og vil du gje Elvis ein god og trygg heim så ta kontakt med Unn tlf 48356333, eller på mail    unn.vatso@enivest.net

 

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Tuppen og Lillemor

Tuppen og Lillemor 3Tuppen og Lillemor 4
Tuppen og Lillemor er to jenter som har hatt en litt røff start på livet og bærer preg av det. De er snart klare for en ny trygg hjem. Tuppen er den som er mest tillitsfull,men fortsatt skeptisk. Hun elsker kos og er en veldig pratsom liten frøken. Lillemor har fortsatt ikkje helt troen på at ikkje alle mennesker er farlige. De trenger å komme til et hjem med tålmodige folk og rolige omgivelser,der de kan få tiden de trenger til å bli helt trygge. Egner seg ikkje for barnefamilier. De blir omplassert sammen ferdig kastrerte, chippa og vaksinert. Kontakt Kari på tlf  48184837 om du kan tenke deg å adoptere disse 2 skjønnhetene.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Kleopatra

Kleopatra er ei pusejente på ca 1 år, med nydelig mjuk pels og er eit veldig bedagelig vesen. Liker veldig godt kos, og kjem når du lokkar på ho. Ho går godt i saman med valpen hos fórvert, men seie i frå om den bli for voldsom. Favorittplassen er oppi ein stor bolle på kjøkkenet og kan ligge å sove der i timesvis. Går også godt i sammen med andre kattar. Kleopatra er ikkje glad i å bli løfta, og blir usikker når det kjem fremmede folk. Ny eigar må være tolmodig med pusejenta. Ho bruker god tid på å gjere seg trygg i nye omgivelsar, men tilbake får du ein nysgjerrig, leiken og livsglad katt. Ho følger ofte føttene til forvert for å tigge til seg litt ekstra kos og kanskje litt godbitar. Ho er selvfølgelig husrein, kastrert, vaksinet og chipa. Er du Kleopatra sin for alltid heim? Ta kontakt med Anne J med SMS / tekstmelding på tlf 91315217 eller mail til annejobjordal@hotmail.com

Kleopatra 1Kleopatra 2Klopatra og Tigris

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Nancy

Nancy 1 Nancy 2 Nancy 3 Nancy 4 Nancy 5
Nydelige Nancy er ein tricolor katt som er født 4. mai 2015. Ho er lita av vekst, og kan bli oppfatta som mye yngre enn ho er. Ho kom til Dyrebeskyttelsen fordi heimen hennar ikkje var heilt optimal. Derfor er ho litt vár for høge lyder og brå bevegelser, og liker ikkje så godt å bli løfta. Likevel har ho heile tida vore veldig glad i kos, og kjem villig når ein lokkar på ho. Etter nokre veker hos forvert har ho blitt svært trygg og oppfører seg som ein vanleg, leiken, livsglad, nysgjerrig og kosete katt. Forvert har 2 eldre kattar som ho går greitt i lag med, men ho trur av og til ho er tøffare og større enn dei …. Ellers elsker ho å vere ute, og går ut og inn som ho vil, er trent på kattedør, og sjølvsagt reinsleg. Nancy er kastrert, vaksinert, ormebehandla og ID-merka med chip. Ved interesse for å adoptere Nancy, kontakt Kirsti på tlf 400 60 522.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Rusken

rusken sommer15ruskMange ynskjer seg kattunge og dei fleste vil ha ein ung katt. Men ein bør ikkje gløyme eller undervurdere kor fint det kan vere å ha ein godt vaksen katt i hus. Rusken er ein svært klok, kosete og snill katt som du garantert kjem til å verte inderlig glad i. Han har lang livserfaring og er nok ein sterk katt som har klart seg gjennom 12 år. Hos veterinær har han fått bekreftelse på god fysikk. Han viste på same tid sin mentale ro når han malte så høgt at veterinær nesten ikkje høyrde hjerteslaga med stetoskopet sitt. Rusken vil ha det best som aleinekatt, trur vi. Han vil få det best i ein rolig heim kor han kan gå ut når det høver seg. Men han må ikkje kome til stengt dør i dagesvis, for det har han opplevd så altfor mange ganger før i livet og et par dører har aldri opna seg att. Rusken har opplevd å ha det godt i ein heim men har også erfaring med det harde livet på «loffen». Har han klart seg så bra i 12 år så husk at han kan leve godt i mange år til. Er veloppdragen, klorar ikkje på møbler og hoppar ikkje opp og tiggar etter mat. Men om du stenger ei dør mellom deg og han, så seier han nok ifrå. Er kastrert, ID-chippa, vaksinert og ormebehandla. Hos forvert i Florø. Ynskjer du denne skatten av ein katt så ta kontakt med Kristine på telefon 412 43 997 eller mail til kristine@dyrebeskyttelsen-sfj.no

 

 

 

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Vanja

Vanja 1

Lita og nett pusefrøken på ett år som er kosete og leken. Vanja dilter etter deg for å få kos, og går fint overens med andre katter. Vanja og Vilja kom til dyrebeskyttelsen fra en kattekoloni på Vassenden i sommer, og har hos forvert gått fra å være skeptiske til å bli kosete og lekne. De er sterilisert, chippet og vaksinert. Kan du gi en eller begge disse to herlige kattene et for alltid hjem? ta kontakt med Kristine på telefon 412 43 997 eller mail til strandoskristine@gmail.com og fortell litt om deg selv, familie og boforhold.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Vilja

Vilja 1

Vilja ligger gjerne inntil deg i sofaen og sover. Lita og nett pusefrøken på ett år som er kosete og leken, og går fint overens med andre katter. Vilja er sterilisert, chippet og vaksinert. Ho kom til dyrebeskyttelsen fra en kattekoloni på Vassenden i sommer sammen med Vanja, og har hos forvert gått fra å være skeptiske til å bli kosete og lekne. Kan du gi en eller begge disse to herlige kattene et for alltid hjem? ta kontakt med Kristine på telefon 412 43 997 eller mail til strandoskristine@gmail.com og fortell litt om deg selv, familie og boforhold.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Gråden

Gråden

Gråden er ein vennleg, roleg og sindig kar til tross for sin unge alder, snart 2 år. Han er kastrert, ID-merka og ormebehandla – vaksine var han for svak til å få da han kom inn til Dyrebeskyttelsen etter å ha gått lenge ute, så den skal han få så snart anledningen byr seg. Gråden er ute etter ein god, trygg og varig heim, der nye svik ikkje er eit alternativ. Han er sosial av seg, går godt ilag med andre katter, og begynner å synes at rolige hunder er ok. Ved interesse for å adoptere Gråden, kontakt Bettina på tlf 412 44 002 eller mail til bettina@dyrebeskyttelsen-sfj.no – der du fortel litt om deg sjølv / familie / buforhold og kva du kan tilby Gråden.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Veslefrikk

VeslefrikkVeslefrikk 2

Veslefrikk er nå klar for ny heim. Han er Ca 6 år og er bruntabby/tiger. Han er kjempekosen og liker å ligge på fanget. Og som du ser er han ein livsnytar av rang.
Går godt ilag med andre katter. Veslefrikk er nok vant med å gå ut og inn som han vil.
Han er kastrert, chippet, vaksinert og har fått ormekur.
Kan du gi Veslefrikk den heimen han fortjener? Da kan du sende en epost til kristin@dyrebeskyttelsen-sfj.no eller ring 412 44 001.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Synna

IMG_9994 IMG_9990IMG_9997IMG_9998

Synna er en morsom og humørfylt katt som elsker kos. Selskapssjuk, trygg og rolig. Har opplevd å bli forlatt over lang tid / fråflytta, så ho viser med heile seg at ho ønsker du skal vere i nærleiken. Synna treng ein stabil og god heim der ho er sjølvskriven familiemedlem i heile si levetid. Kan du tenke deg å gi Synna Det Gode Liv, vil ho kunne gje deg eit flott og verdifullt vennskap i retur.  Ho har ein særprega vakker variant av tricolor-farge, med tett, blank pels som er silkemjuk å klappe.

Som alle Dyrebeskyttelsens kattar, er Synna kastrert, vaksinert, ormebehandla og ID-merka med chip. Kontakt Bettina på telefon 412 44 002 eller mail til bettina@dyrebeskyttelsen-sfj.no dersom du vurderer å adoptere Synna, eller i første omgang vil høyre meir om ho.

Her kan du lese meir om adoptering via Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane: Omplassering

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Eico

Eico

Kjenner du noken som treng ein virkeleg bestevenn, som treng nerheit og selskap?
Då er Eico kansje den som kan hjelpe.
Makan til god pus skal du leite lenge etter, han vil helst ligge i halsgropa di, så nerme som mulig. Må få ligge i senga med sin eigar.
Når du sler opp augene får du eit forsiktig stryk på kinnet og eit kyss.
Eico var født ute, kom inn i varmen hjå DB ca 4 mnd. gammal. Er no ca 8 mnd, kastrert, chippa, vaksinert og ormebeh.
Er leiken og litt rampete som kattar flest i den aldereren
Han er reinsleg på kasse. Litt forsiktig i starten, men vert fort trygg. Han trivest med andre kattar og roleg hund som taklar han.
Famelie m/barn over 10 eller enslege passar best.
For meir info. ta kontakt på epost: bjorg.bjorgum@gmail.com eller tlf. 41278002

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Krystal

Patronella

Vakre Krystal vart faktisk skoten med luftgevær og hadde 3 luftgeværkuler i kroppen samt enda eit stygt skotsår da ho kom til Dyrebeskyttelsen i slutten av oktober. Etter fleire veterinærbesøk og godt stell er ho no friskmeldt og klar for ein god og omsorgsfull heim, sjølv om ho fortsatt har luftgeværkulene i kroppen. Veterinærane er einige om at det vil vere for utfordrande operasjonar å fjerne dei, og at ho no vil leve godt med dei. Noko som visar igjen i pelsen hennar som no er strålande vakker, ho har også lagt godt på seg og er no i perfekt hald. Krystal er ei snerten og kosete frøken som treng ein omsorgsfull, varig heim. Kan du tilby ho dette, kontakt Bettina på tlf 412 44 002 eller mail til bettina@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Aisha

Aisha 1bAisha 2bAisha 3b

På prøve i ny heim! Aisha er kjempesnill og kosete, ei svart skjønnheit med store vakre auger. Er 5 år, og har levd eit godt familieliv fram til alvorleg sjukdom skilde dei. Aisha treng ein god, trygg og permanent heim der ho får mykje omsorg. Ho er kastrert og ID-merka, fulgt opp med vaksiner og ormebehandling. Frisk, roleg og glad i menneske. Vant med hund. Kan du tilby Aisha det gode liv hos deg, ta kontakt på mail til bettina@dyrebeskyttelsen-sfj.no eller tlf 412 44 002.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?