Hjelpe ein heimlaus katt?

Halvor og Leo er to av dyrebeskyttelsen sin kattar som treng forvert. Ein fòrvert passar ein av dyrebeskyttelsen sine heimlause kattar inntil ny permanent heim er funne. Katten er fortsatt dyrebeskyttelsen sitt ansvar så vi står for mat, sand, medisin og evt veterinærbehandling. Dei einaste ein fòrvert treng å gjere er å ha pus i huset sitt, gje mat og omsorg. I tillegg er det til stor nytte at fòrverten vidareformidlar katten sitt vesen og personlighet slik at vi får rett katt til rett heim.
Leo er heilsvart og vart funne i Førde sentrum like før jul. Han var mager og svolten. Eigar er etterlyst men ingen har meldt seg. Vi veit dessverre ikkje så mykje om denne pusen då han står aleine på eit kattepensjonat. Han er reinsleg, tam og blir kastrert denne veka.

Halvor vart også som Leo, funne gåande ute, svolten og med alvorlig infeksjon i halen sin. Halen måtte dessverre amputeres men han er ellers ein sosial katt og trygg katt. Halvor vert kastrert og ID- merka denne veka.

Er det noken som har mulighet til å passe ein katt for nokre veker så ta kontakt på vår vakttlf eller send mail til asegrov@gmail.com

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Medlemskontingent 2012

I desse dager kjem kontingenten for medlemskap 2012 ut i postkassane. Vi håpar at alle vil/huskar å betale og dermed støtte arbeidet med dyra. Alle våre medlemar får også vår årsmelding for Sogn og Fjordane (kjem ut i februar/mars) i tillegg til medlemsblad frå Dyrebeskyttelsen sentralt.

Vi har eit nytt medlemssystem som vert ordna sentralt og skulle det vere at du ikkje får fornying av medlemskapet eller ynskjer å melde deg inn, kan du gå inn på www.dyrebeskyttelsen.no eller ta kontakt med oss direkte per mail.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Dyrebeskyttelsen anmeldte mannen som slo kattungen i hjel med spade. Han fekk 3000 kr. i bot.

Sjå saka HER! NRK SFJ

Vi er ikkje veldig nøgde med klipp og lim i intervjua på Vestlandsrevyen .. Ting kom dessverre ut av samanheng og det kan nesten virke som at Dyrebeskyttelsen og Mattilsynet unnskuldar handlinga. Det gjer vi definitivt ikkje. Vi er særs nøgde med at politiet tok saka på høgste alvor, og at vedkommande fekk bot for ugjerninga.
Dei gjenlevande kattane kom frå det med livet i behald. Her ser du Silver, kullbroren til kattungen som vart drepen på særs brutalt vis.
Silver

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Har fått ny heim ilag

Ailo og Miro er to kattar som kom til dyrebeskyttelsen då dei trengte ny heim. Dei havna hos same fòrvert og etter ei stund har det utvikla seg eit sterkt venskap.

Desse kattane trivst så godt ilag at vi ikkje har hjarte til å skilje dei. Vi har lenge ynskt at Ailo go Mira skal få kome til same heim.

No har dei endelig fått ny heim ilag! Denne månaden reiser dei til ny landeleg heim i Nordfjord. Der får dei eigne kattedører og ein snill hundekompis. Dette er stas og vi ynskjer Ailo og Mira lykke til!

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Medlem?

Er du støttemedlem hos oss skal du motta vår årsmelding ein gong i året i tillegg til medlemsbladet «Dyrenes forsvarer» frå Dyrebeskyttelsen Norge endå oftare. Dessverre får vi melding om at ei viss mengde medlemsblad kjem i retur og vi oppfordrar derfor alle medlemar som manglar medlemsblad om å sende ein mail til Linn: linn@dyrebeskyttelsen.no. Opplys i mailen om adresse, tlfnr og fødselsdato. Er det nokon som manglar årsmelding så ta kontakt med vår vakttlf eller send mail til asegrov@gmail.com

Ikkje medlem? Då anbefalar vi deg å gå inn på www.dyrebeskyttelsen.no og melde deg inn. Bidra oss å hjelpe dyr som ikkje har noken til å ta ansvar for seg.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Katten din kan få katteHIV

Bildet viser katten Ulf, ein ukastrert hannkatt på 3 år. Han har vore i mange slåsskampar og slete seg gjennom ein kald vinter utandørs. Etter henvendelse via vår vakttlf tok dyrebeskyttelsen hand om katten den 6 juni. Pus hadde ingen ID-merking, mykje flått og flokar i pelsen, samt ein stor væskefylt byll på nakken etter eit bitt. I tillegg til dette påviste helsesjekken hos veterinær katteHIV. Ulf vart avliva same dag på veterinærkontoret. Kvifor?

KatteHIV bryt ned immunforsvaret og fører til katteAIDS noko som betyr ein langsom og smertefull død. Der fins ingen behandling. KatteHIV smitter ikkje over på mennesker, men er smittsamt mellom katter via blod og spytt. Den største smittefaren er ukastrerte hannkattar som slåst og får bittskader.

For å unngå katteHIV er kastrering det viktigaste hjelpemiddel. Ein kastrert hannkatt blir roligare og meir stadbunden, i tillegg unngår ein uønska kattungar som raskt kan bli ei kilde til villkattar. Ei hokatt kan få 3-4 kattungekull per år!!! Ein katt kan kastrerast frå 6 mnd alder. Vi anbefalar samstundes å vaksinere og ID-merke pus.

Dyrebeskyttelsen har registrert ein auke i tilfeller av katteHIV fleire stader i fylket. Hjelp oss å redusere smittefaren samt antal villkattar ved å kastrere katten din i dag.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Heime

Denne unge hannkatten er funne i ein container på bossplassen i Hesjedalen. Våt, svolten og forkommen. No er pus og eigar gjenforent! Katten heiter Alex og kjem frå Sunnsdalen i Førde. Han forsvant frå Førde sentrum for 2 veker sidan etter å ha vore blindpassasjer i motorrommet på ein bil. Korleis han kom seg frå sentrum til Hesjedalen er framleis ei gåte…Eigar fann katten sin via vår side på facebook.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Brutus

Nyleg vart ein sliten, kald, svolten og tørst katt teken hand om i Naustdal. Pus bar preg av å ha gått ute ei stund. Etterkvart oppdaga vi at katten var øyremerka og det viste seg at der fans ein eigar som bur i Nesttun utanfor Bergen. Matmor fekk telefon frå oss og overraskelsen var stor. Pus hadde forsvunne frå deira sommarhus i Vevring for 1,5 år sidan! Dei trudde aldri dei skulle få sjå sin Brutus att og gjensynsgleden var difor stor då han vart henta heim til Nesttun i går, den 2 januar.

Dette viser kor nyttig det kan vere å merke katten sin. Vi i dyrebeskyttelsen har som veterinærkontora scannarar som kan lese av ID chippen.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Skoten katt

7 november fann Maria Hammerseth ein alvorleg skada katt på Svarthumle i Flora. Det viser seg at katten er skóten. Kula traff pus over skulderen, har delt skulderbladet på langs, og gått ut att under aksla . Røntgenbildet viste mange blyfragmenter i dette området. Det var ei stund tvil om katten ville berge livet men etter ei tid med behandling og god pleie ser det no ut til at det skal gå bra. Til alt hell unngår han også varige skader som lammelse. Katten verkar kjærleg og velfødd men sålangt har ingen eigar meldt seg til tross for etterlysing gjennom media.

Katten er no i storform og har fått namnet Moms. Han har fått seg ein ny heim hos ein barnefamilie i Naustdal og storkosar seg. Moms har mange gode katteår framfor ser no.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Dyretolk

Brev frå Aud Hestvik:

Kommunikasjon med dyr er etterkvart blitt meir og meir vanleg også her i Norge. Fleire og fleire dyretolkarar gjer ein uvurderleg jobb i forhold til å gje dyr ei stemme. Dyre-eigarar generelt er opptekne av at dyra dei har ansvar for, skal ha det så bra som mogeleg. Så behovet for dyretolkar er aukande. Som alle veit, så kan dyra våre lære å forstå menneske-ord, og vi kan til ei viss grad lære å forstå deira lydar og kroppsspråk.

Ein dyretolk lærer å ta telepatisk kontakt med eit dyr. Ho/han innstiller seg på den frekvensen informasjonen frå dyret er å finne. Det er det same som skjer når vi skal finne frekvensen for Petre på radioen, – rett og slett kvantefysikk. Informasjonen kjem i form av setningar, overføring av følelsar, bilete eller «videoar». Ein kan også skanne dyret for å finne ubalansar i form av smerter og sjukdom. Ein dyretolk kan også finne dyr som er blitt borte og å kommunisere med dyr som er døde.

Ofte speglar dyra eigaren sine problem. Og når eigar har ordna opp med det som har vore vanskeleg i kvardagen, vert dyret friskare, gladare og rolegare. Alt dette høyrest kanskje rart ut for mange, men det er likevel realitet, og det å arbeide med dyr på ein slik måte er berre heilt fantastisk. Dyr er ikkje berre «dyr». Dei har sjel, tankar og følelsar akkurat som vi toføttingane!

Eg starta på dyretolkutdanning våren 2008 i «Flammehuset» (www.flammehuset.no), og håpar på å bli sertifisert i løpet av 2011. Studiet omfattar mellom 150 og 200 godkjende samtaler og bl.a. opplæring i bruk av Bach’s Blomstermedisin.

Bakgrunnen for at eg begynte på studiet er først og fremst at dyr har alltid betydd veldig mykje for meg. Dyr eg har kjent, har hjelpt meg til å greie livsutfordringar og vist meg ubegrensa kjærleik og tillit. Eg trur ikkje eg at eg kunne ha «greitt meg» utan å leve i lag med dyr.

Dessutan kom Donna Buhund til meg, – heilt «tilfeldig» for fem år sidan. Ho var då over ett år gammal, og kom tilbake til oppdrettar pga diverse problem. Ho var full av stress og i stor ubalanse. Og ho sette meg verkeleg på prøve! Eg trudde eg visste det meste om hundar og oppdragelse, men eg følte at eg nådde ikkje fram med det eg gjorde for å få henne til å bli ein velfungerande familiehund. Eg var på veg til å gje opp, men eg følte sterkt at det blei feil! Så eg tok kontakt med ein dyretolk, og det snudde opp ned på alt. Plutseleg såg eg saka frå Donna si side. Eg hadde misforstått så mykje. Ho fortalde korleis ho opplevde ting og kvifor. Eg fekk forståelse for henne på ein måte som eg ikkje visste var mogeleg, – fordi ho fekk ei stemme gjennom tolken. Donna blir kanskje aldri ein «perfekt» hund. Men ho fungerer heilt greitt som familiehund, turkamerat og «livs-compadre».Ho er høgt elska, – tilliks med dei andre dyra mine, men ho har nok fått ein heilt spesiell plass i hjarterøtene mine.

Når det gjeld dei dyra som kjem til oss, så er det aldri «tilfeldig»! Alle dyr har ein jobb i forhold til menneska dei er plasserte i lag med. Donna sin jobb var/er å hjelpe meg til å lære bl.a. dyrekommunikasjon. Det er ei gåve å få mulegheit til å studere dyrekommunikasjon. Men det tek tid, og eg treng kandidatar å praktisere på.

No godt over halvvegs, kan studentane ta litt provisjon, og eg tek 250 kr pr samtale. Pengane går til Dyrebeskyttelsen som gjer ein fantastisk jobb. Så dersom du har dyr som du vil ha tolka, må du gjerne ta kontakt; E-post: audhestvik@hotmail.com/Tlf 97165746 – 57731804. Helsing Aud Hestvik.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Lady

Hei alle sammen i dyrebeskyttelsen!

Etter at vi ovetok Lady 21.11.2009, har hun fått nytt navn. Hun heter nå Dolly, og dette liker hun tydeligvis svært godt. Nytt navn, nytt liv.
Dolly har fått markkur, klippet klør jevnlig, nytt halsbånd, lilla hjerte-navnebrikke med navn og telefon nummer på, dekken, eget liggested med madrass ved siden av senga våres, og mange nye dyrevenner. Hun går også fritt rundt på gården, og har aldri stukket av fra oss.

Samboeren min og jeg er utrolig fornøyde med Dolly, og hun har imponert oss mer enn vi kunne ane før vi overtok henne.Dolly går veldig godt sammen med Border Collien Atos vi hadde fra før. Selv om vi har fire katter som går inn og ut som de vil, er dette ikke noe problem. Det kan virke som om hun har tatt til seg kattungen som ble født sent i høst, og som jeg reddet fra å bli slått i hjel av en bonde. Dolly behandler ham som sin egen valp, og legger forsiktig ned pus for å vaske ham bak. Etter dette er gjort leker de ofte, og kan godt finne på å legge seg forran vedovnen sammen. Veldig koselig!

I høst var Dolly med på hjortejakt sammen med samboeren, og hun er utrolig flink til å spore seg fram til ferske hjortespor. Hun sporet i bånd i høst, men til høsten igjen skal hun nok prøve seg som løshund under jakta. Når jeg rir er hun med på turen uten at jeg må lokke henne med. Hun sporer av og til etter en hjort, men kommer bestandig tilbake til oss. Eller hun sitter utenfor huset og venter på meg til jeg er hjemme. Nå som det er så kaldt, har jeg lagt ut et teppe der jeg har rideutstyret mitt slik at hun har et sted å ligge om hun venter på meg. Dolly og Atos beveger seg ute hver dag, og de får være ute så mye de vil.

Hilsen fra Janine, Øystein og Dolly. Skal nok også hilse fra Hunden: Atos Kattene: Yrja, Josef, Bombibjørnar og Zorro Islandshestene: Sunna, Saga, Bjørk og Aron Kaninene: Snipp og Snapp

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Stokkand

  

I byrjinga av februar fekk vi ei henvending frå ei dame i Førde som hadde ei stokkand i dusjkabinettet. Ho fann fuglen under bilen sin i 15 kuldegrader, heilt apatisk og forkommen. Ho tok med fuglen heim og kokte grautvelling av korn, mais og brød. Fuglen åt veldig godt og tok seg etterkvart nokre bad i den rosa stampen.

Veterinær og fuglevakta til Norsk Ornitologisk Forening vart kontakta av oss for gode råd. Stokkanda vart flytta ut i et hønsehuset der temperaturen er meir passende for ein slik fugl. Stokkanda kvikna til og viste tegn til å vere frisk. Forsøk på fotografering på dette tidspunkt vart hissig avfeid av fuglen.

11 februar vart stokkanda slept fri på et våtmarksområde i Førde:
Så jublande glad den kom og han brukte begge vengene heilt flott. Den har nok sett skada ut pga svolt og kulde. I dag var eg ned med ein stor pose brød og eit spann med oppbløytt Pedigree hundemat. Nær med matingplasen, gjekk det ein hannfugl av arten stokkand, og trippa rundt nokre jenter på isen. Då han såg meg og hunden kome, så letta den og kom fykande mot oss og hadde ei flott flygeoppvisning før han for bort til dei andre som låg og venta på mat. I mitt haud var dette vår fugl, som skulle vise kor frisk han var og som helste på. Eg går den vegen 2 gongar kvar einaste dag, minst, og dette har eg aldri sett før, at ei and har oppført seg slik.

Det er etter norsk lov ikkje lov å gripe for mykje inn når det gjeld ville dyr. På same tid er vi også lovpliktige til å hjelpe der dyr lir nød.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Katt?

Kronene du betalar for katten går direkte til vårt arbeid med dyra. Vi er ein frivillig gjeng som engasjerar på fritida og det er slik vi får pengar til å hjelpe dyr. Vi vil også minne dykk på at når de adopterar ein kattunge hos oss, forpliktar de å kastrere katten. Dette er det viktigaste tiltaket for å unngå uønska/ukontrollert formeiring av kattar. Husk at ei hokatt kan få 2-4 kull i løpet av eit år!!

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Kattemottak?

Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane har lenge hatt ein draum om eit «kattemottak». Å alltid ha tilgjengeleg ein varm og lun stad for slitne heimlause kattar som kjem i vår varetekt. Fram til no har løysinga vore private heimar hos folk med famlie og gjerne andre dyr. Når vi får inn over 50 kattar i løpet av sommaren, er dette ein krevande situasjon for oss og våre fòrvertar.

No har vi fått tilbud om å leige et nedlagt dyrepensjonat nær Førde. Vi har dermed starta ei kronerulling for dette kattemottaket. Alle som ynskjer å støtte dette prosjektet kan bidra på kontonr 3720.15.61788. Kontonummeret er øremerka kattemottaket.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Katteseminar

Forrige helg,14-15 nov, reiste tre av styremedleme på katteseminar ved Antrozoologisenteret på Ås. Hovedforelesar var Professor Bjarne O. Braastad, etolog ved Universitetet for miljø- og biovitenskap. I tillegg deltok Bodil Eikeset, leiar av Norsk huskattforening, og Karen Andersson, leiar av Dyrebeskyttelsen Norge, avd Oslo. Katteseminaret var retta mot folk som ynskje å utvide kompetansen på atferd og velferd hos katt. I salen var veterinærar, katteoppdrettarar, adferdskonsulentar, katteeigarar og personar innan dyrevernorganisasjonar.

Styremedleme frå Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane, Cecilie, Anja og Rigmor er einige om at dette var ei veldig interessang helg. Seminaret heldt eit høgt fagleg nivå i tillegg til innspel som grunna frå solid erfaring. Vi kjeda oss ikkje eit sekund og lærte ein heil del. Temaene var mange: Forholdet mellom katt og eigar, sosial adferd og struktur, kattens språk, problemet med eigarlause kattar, adferdsproblemer hos katt, kattehald i burettslag og katten som rovdyr var noko av det som var sett på dagsorden. Seminaret er noko vi varmt kan anbefale for alle interesserte.

Bildene øverst: Anja og Rigmor med Bodil Eikeset som opprinneleg er frå Førde. Ho bur i Oslo og synes det var godt å høyre dialekta vår. Bildet i midten viser Cecilie og Rigmor på forelesningsbenken. Biletet nederst er av Bodil Eikeset og Bjarne Braastad,

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Spike

Spike er ein labradorblanding på 11 år som søkte etter ny eigar i Firda 21.10. Eldre hundar stiller dessverre langt bak i køa når det gjeld å bli omplassert. Heldigvis ville Firda lage ein artikkel om vår Spike og responsen har vore enorm. han har no fått nye eigarar etter å ha vore gjennom ei «skjønnhetsbehandling». Dagen starta med eit bad før turen gjekk til Hanne i Florø for tannpuss og helsesjekk. Lørdag etter blei Spike henta av ny eigar. Firda dekka denne hendinga óg, men diverre ikkje på nett.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Lucky

Lørdag den 22 august vart Lucky funne midt i vegbana foran ein tunnel i Hyllestad. Formen til Lucky var elendig og Stian som fann kattungen ringde oss. Veterinæren meinte katten hadde ein sjangse men det kunne «bikke» begge vegar. Bjørg tok han med heim. Lucky krever på dette tidspunkt mykje stell og omsorg. Pelsen på bakbeina og magen er vekke pga langvarig diarè.

No ser det ut til at dette skal gå rette vegen. Kattungen har livsvilje og maler berre han ser deg. Magen er mykje betre. Vi trur han er ca 10-11 veker.

No eit halvt år etter mykje omsorg og pleie er Lucky blitt ein flott, sterk og utrulig god katt. Før jul fekk han seg ein heim. Lukke til vidare Lucky!

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Kattungar

Normalvekten til kattunger er ca 100 g ved fødsel. De skal legge på seg ca 7-10 g daglig og ha nådd det doble av fødselsvekten ved 14 d alder. Hvis ungene skriker mye er det et godt tegn på at de ikke får nok mat.

Her er en oppskrift på kattemelk-erstatning, ellers fører noen dyrebutikker erstatning i pulverisert form:

90 g kondensert melk

90 g vann

120 g yougurt

2-4 eggeplommer (ikke hvitene, det er viktig)

Det skal varmes til kroppstemperatur når det gis. De første døgnene skal ungene få ca 1 ml i timen, etter hvert som de blir større skal man gradvis øke til at de får 5-7 ml hver måltid ved 2 ukers alder. De skal ha mat 9-12 ganger daglig i begynnelsen og man kan minke gradvis fram til du begynner å avvene de (ved 3-4 ukers alder)..da skal de ha mat 7 ganger daglig. Avveningsfôr består av kattunge-tørrfôr som du bløter opp med melkeerstatning og mikser til en grøt. Etterhvert som de blir litt eldre trenger du å tilsette mindre og mindre melk i tørrfôret slik at ved 6-8-uker spiser den kun tørrfôret. Spør veterinæren

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Redda villhest

Idun skriv og fortel om ein skogstur frå The New Forest i Sør England, der det er ca 4000 villhestar:
Badger er altså ein EIN-dag gammal villhest som datt ned i eit grevlinghol… Jeff og Idun var på tur-aldri-sur og som gode eventyrarar gjekk dei utanom stien, og fann stakkars vesle folen som sat fast. Vi strauk og sang, Badger veksla mellom sjokk og å sove på armen vår – vi ringte til skogvoktar og etter ein time fekk vi det opp av grava(…) dagen etter ville han ikkje ha vore meir. Mora hadde då forlatt det – tenkte at «Hmm, det var kanskje ikkje mitt likevel…» og ville ikkje ta det tilbake. Vi trygla og ba, og mora fann det i seg å vere mor igjen, og lot Badger få suge melk og ikkje eit auge var tørt.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Martell

Martell skulle tilbringe påskeferien på ein annan kant av Førde og forvilla seg ut på ukjent område. Martell er 17 år og døv, så dette vart ein strevsam «påsketur». Han vart funne pjuskete og utslitt nær hovedvegen i Førde sentrum av noken snille sjeler. Dyrebeskyttelsen tok etterkvart hand om katten og hang opp plakatar med etterlysing av eigarar. Martell tilbrakte mesteparten av påska hos Anja og hennar doberman Rokky. Hunden fekk snart stor respekt for denne arrogante og verdige gamle katten. På same tid hadde eigaren, Rose, lett Førde rundt etter sin kjære Martell. I går, 15 april, vart det ein lukkeleg gjeforening mellom eigar og katt. Denne gongen endte alt godt.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Seminar i Ørstad

Første helga i november heldt Gry Løberg seminar i hundeadferd. Rigmor, Anja og Cecilie frå styret i dyrebeskyttelsen sogn og fjordane reiste til Ørstad og sat ivrig på første benk. Løberg tok blant anna opp temaer som hundens opphav og historie, valpesosialisering, problemadferd, avl og kastrering. Jentene synes det var veldig interessant og nyttig. I tillegg var det ubegrensa tilgang til kaffi og ferske kaker heile dagane, noko som også trakk opp. Med i bilen til Ørstad var også Lillann, og ein doberman-maskot med namnet Rokky. På bildet ser du, frå venstre, Cecilie, Gry, Anja og Rigmor.

Gry Løberg driv til daglig Manimal som er ein adferdsklinikk for selskapsdyr (www.manimal.no).

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Vi treng deg

Vi skulle så gjerne hjelpt fere dyr, men skal vi klare det, trenger vi flere praktisk hender. Vi trenger folk til å rykke ut når dyr lider, vi trenger noen som kan kjøre og hente katter, kattunger og hunder fra forskjellige plasser og til forverter. Vi trenger noen som kan ta dyra våre til veterinær og passe de mens de er sjuke, og vi trenger folk som kan gi katter og hunder et trygt hjem mens de venter på å få et permanent og godt hjem for resten av livet sitt. Har du kapasitet til å hjelpe på et eller flere av disse områdene, vil vi så gjerne komme i kontakt med deg. Kanskje du er en som liker å stå på stand med kakelotteri, eller selge vaffler? Kanskje du er flink på data, og kan hjelpe oss på det området? Vi trenger altid mer penger for å hjelpe alle dyra. Har du litt kroner til overs, setter vi svært stor pris på pengegaver også. Har du anledning å hjelpe på en eller annen måte, så ring Anita, på mob. 412 44 001, eller en av våre andre hjelpere/styremedlemmer for en prat og fortel hva du kunne tenke deg å bidra med. Du finner navn og e-post/tlf. nummer på våre hjemmesider. Alle har vi forskjellige ting å bidra med, og en ting er 100% sikkert – vi/dyra trenger deg!

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Refleks

No er mørketida her og ved å kle opp kjæledyra med refleks, kan vi unngå at dyr vert skadde eller drept i trafikken. Du kan t.d. bestille Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane sine spesialsydde reflekshalsband til katt hos oss. Send oss ein e-post. Pris kr. 30 + porto.
Du kan også bestille refleks på internett t.d. hos www.canis.no, eller i dyrebutikken.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Ja til dyrepoliti

JA til dyrepoliti i Norge – underskrift.no
Oppfordrer ALLE til å skrive under!!!!

Ber justisministeren vurdere dyrepoliti
Med 25 000 underskrifter ber Miljøpartiet De Grønne justisministeren om å vurdere etablering av dyrepoliti. – De siste dagers oppslag viser at ingen av de nåværende instansene er gode nok til å håndheve dyrevernloven, sier talsmann for Miljøpartiet De Grønne, Sondre Båtstrand, til BA. – Vi må få frem at det å plage dyr får konsekvenser.

INSPIRERT
Han mener Mattilsynet ikke gjør en god nok jobb, og at dyrevernnemndene er for svake. – Vi har fulgt med hvordan dyrepolitiet jobber i USA og er absolutt inspirert av å se hvordan de jobber. Det er viktig å samle kompetanse, det vanlige politiet har lite ressurser å bruke på dette.

Vi bør få én instans man kan ta kontakt med når det gjelder dyresaker, sier Båtstrand, som ikke har helt klart hvordan et dyrepoliti bør organiseres. – I vårt brev til justisministeren ber vi ham utrede nettopp dette.

SOM ØKOKRIM:
Ett forslag er å opprette en underenhet av Økokrim, på samme måte som det finnes en avdeling for miljøkriminalitet. – Men det vil også være viktig at dyrepolitiet er representert rundt i politidistriktene, sier Båtstrand. Miljøpartiet mener det er flere viktige argumenter for å opprette dyrepoliti. Også utover det å stille dyremishandlere til ansvar.

FORHINDRE:
– Symboleffekten er avgjørende. Ved å etablere slike enheter markerer vi at vi ikke tar lett på dette. I tillegg kan det forebygge vold mot mennesker. Forskningen til den amerikanske psykologen, Ken Shapiro, peker mot at vold mot dyr og vold mot mennesker henger sammen, sier Båtstrand. Han mener et dyrepoliti kan forhindre utviklingen av voldelig atferd hos enkelte, og på sikt gi det «vanlige» politiet mindre å gjøre.

 

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Pengegåve frå skuleklasse

Klasse 7B på Førde Barneskule har samla inn pengar til Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane. Elevane har gjennom ulike aktivitetar som prosjekt og basar fått inn heile 5527 kroner og 50 øre. Den store pengesjekken blei overlevert i gymsalen ved skoleavslutningen onsdag 18. juni under stor høytidlighet framfor alle lærarane, elevane og ein god del foreldre. Frå Dyrebeskyttelsen S&F var tre styremedlemmer med nyvalt leiar Anita i Lida i spissen møtt fram for å ta imot den overraskande og kjærkomne gåva.

Leiaren sa at det er ein fantastisk innsats ungdommene har gjort. – Desse pengane vil redde mange dyr, sa Anita i Lida til forsamlina etter overrekkinga. – Samstundes handlar dette om så mykje meir enn berre pengar. Det handlar om evna til å vise omsorg og omtanke for andre individ og sette seg inn i korleis dei har det, – vere seg menneske eller dyr. Ungdommar som desse er ein stor oppmuntring og inspirasjonskilde for oss som held på med dette.

Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane har vore gjennom ein turbulent periode med store utskiftingar i leiinga og økonomiske vanskar. Men med eit nytt styre på plass og denne kjærkomne gåva i tillegg kan merksemda rettast mot det viktigaste; Helse, velferd og tryggleik for dyra vi har omkring oss.

For ytterlege informasjon, kontakt Anita i Lida, telefon 412 44 001

 

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Årets dyrevenn

(Firda.no) – Eg er både stolt og glad, sa veterinær Hanne Kristensen i Florø, som har fått Årets dyrevennpris av Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane
– Denne prisen heng høgt, og blir heller ikkje delt ut kvart år, seier Unn Vatsø og Cecilie Heggelund i Dyrebeskyttelsen, som overrekte Kristensen blomar og eit bilete som synleg teikn på at innsatsen hennar for dyra er blitt sett pris på.
– Hanne har gjort ein stor innsats når det gjeld informasjon og førebyggjande arbeid, ikkje minst når det gjeld forvilla kattar.
Les heile saka på Firda.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Forskrift om id-merking

Norge er som eit u-land å rekne når det gjeld id-merking av dyr, meiner Unn Vatsø. I framtida kan det komme ei ny forskrift om merking av katt.
– Om ikkje det kjem ei slik forskrift, fryktar eg at heile det frivillige dyrevernsarbeidet i Norge vil rakne. Lengre sør i Europa er dei langt flinkare med dette, seier Vatsø.

Om eit par år kan det bli obligatorisk å merke kattar med øyretatovering eller mikrochips. Då vil kvar katt få eit id-nummer, som vil gjere det mogleg å spore opp eigaren om katten skulle komme på avvegar.

– Eit aukande problem
Sjølv har Vatsø ikkje tid til å jobbe i meir enn seksti prosent stilling – resten av tida går med til frivillig arbeid for Dyrebeskyttelsen. Slik er det også for dei andre frivillige i organisasjonen. Det største problemet dei jobbar med, er eigarlause kattar – eit problem dei opplever som sterkt aukande.
Hausten er ei spesielt travel tid – Dyrebeskyttelsen jobbar under stort press for å rydde opp i store katteflokkar før paringstida i januar og februar. Hokattar kan få opptil åtte kattungar i året. Når om lag halvparten av desse er døtrer, og dei vert kjønnsmogne etter eit halvt år, veks flokkane raskt ut av kontroll.
Askvoll, Hardbakke, Eikefjord, Stryn, Bryggja og Aurland er nokre av plassane der det finst store flokkar med villkattar. Som regel har problemet oppstått ved at ein katteeigar ikkje tok ansvar for dyret sitt.

Hygienisk fare
– Nokre katteeigarar slepp dyret sitt laus og gir blaffen. Dei skjønar ikkje kva lidingar dei skaper, seier Rune Myklatun ved Mattilsynet, avdeling Sunnfjord og Ytre Sogn. – Kattar som må greie seg sjølve, lir av svolt, sjukdom og kulde. I tillegg skaper dei hygieniske problem via katteavføringa, som kan spreie parasittar vidare til folk – toxoplasma og bendelorm, mellom anna.

Mattilsynet har difor bede om at id-merking av katt blir obligatorisk. Dette kan komme som ei forskrift med heimel i den nye dyrevelferdslova, som vart lagt ut på høyring sist fredag.

 

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Kattefamilie – ut av kontroll

Førde: Tretti katter treng ny heim. Den eldre mannen forbarma seg over ei forkommen katt som kom på trappa hans. Eit par år seinare er heile grenda infisert av villkattar. Det er minst femten liknande tilfelle i fylket.
Tekst: Katrine Sele, Firda
– Historia viser kor utruleg viktig det er med sterilisering. Katteflokkar som veks utan kontroll er eit enormt problem – vi kjenner til 15 liknande tilfelle berre her i fylket, fortel Unn Vatsø i Dyrebeskyttelsen.
Frå fjøsen på ei avsidesliggjande grend i Førde kommune kikar eit titals små kattefjes fram. Lodne, grå kroppar – og einskilde raude – kjem smygande frå alle kantar, både ute og inne. Som om dei dukka opp frå ingenting – eit yrande, stille liv i bortgøymde krokar. Velstelte og godlynte
Vatsø har vore i kontakt med den fortvilte eigaren av fjøsen, som ligg på sjukehus og ikkje har sjanse til å ta seg av katteflokken lenger. No har han overlate ansvaret til Dyrebeskyttelsen. Han har sjølv valt å la Firda skrive om saka – for å hindre andre i å komme i liknande uføre, og for å finne nye heimar til dei no eigarlause kattane som han har hatt omsorga for.

– Pus, pus, pus!
– Nei, så fine! seier Vatsø Ho og ein hjelpar frå Dyrebeskyttelsen, Bjørg Bjørgum, er ute på besøk til flokken. Dei har med seg mat og bur til å fange kattungar i. Hittil har dei funne mellombels husly til sju av kattane, og nye eigarar til to av dei.
Men framleis står mykje arbeid att før heile katteflokken er teken hand om. Dei som ikkje får nye eigarar, vil bli avliva med sprøyte av Mattilsynet.
– Desse kattane er i uvanleg god stand, til å vere ein så stor flokk. Dessutan er dei milde og godlynte. All honnør til mannen som tok seg av den forkomne katten som kom på trappa. Dei fleste ville jaga han vekk, seier Vatsø.

Plikt til å hjelpe
Verre er det med dei som har blitt villkattar. Folk i grenda trur det bur minst like mange katter utanfor fjøsen – altså kan kattefamilien ha vokse til om lag sytti individ. – Villkattane er det ikkje håp for, for dei kan ikkje temjast. Dei må vi fange inn i vinter og avlive på humant vis, seier Vatsø. – Katter som bur ute i Norge, lir av både svolt, sjukdom og kulde. Dei er ikkje bygde for å tole dette klimaet.
Kattane i fjøsen til den eldre mannen, har derimot sjansen til ei framtid, om Dyrebeskyttelsen klarer å omplassere dei. Dei har hatt nok mat, og syner tillit til menneske. – Alle som kjem over eit hjelpelaust dyr, har plikt til å hjelpe, slik som denne mannen har gjort. Men mange jagar dei vekk eller skyt dei, og skaper fryktelege lidingar, seier Vatsø. – Heldigvis er folka i grenda dyrekjære. Ingen har gått laus på kattane med hagle eller andre inhumane metodar, held Vatsø fram.

Etterlyser nye eigarar
No ber ho potensielle nye eigarar om å ta kontakt. Om Dyrebeskyttelsen skal greie å redde kattane i fjøsen, og få situasjonen under kontroll, hastar det å finne husly til dei. – Eg brukar alle kontaktane mine, og husar nokre i eigen heim inntil vidare, men dei må få ein fast plass å bu. Helst bør dei plasserast to og to, sidan dei er vane med mykje selskap. Dei er tamme, og passer bra til å vere fjøskattar, seier Vatsø.
Alle kattane som får nye eigarar, vil bli steriliserte og id-merkte av Dyrebeskyttelsen.

Les meir om saken på firda.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Kattunge i tunell

(NRK-SFJ) Siste: Kattungen er no fanga inn og teken hånd om.
Det var ein trailersjåfør som såg kattungen då han køyrde gjennom Lotetunnelen denne veka. Leiar i dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane, Randi Aarethun, seier det ikkje er første gang ho høyrer om liknande. Seinast i sommar var ho inne i Lærdalstunnelen med tre-fire feller for å sjå etter kattar som var observert der. Ho trur dårlege husdyrhaldarar har dumpa kattane.

Les heile saka på NRK sine nettsider!

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?