Trykk HER så kjem du rett til vår instagram-konto! dyrebeskyttelsen_sfj
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Kvar kjem alle kattane frå? Finn du din katt her, ikkje nøl med å kontakte oss.
Trykk her for å lese artikkel frå Firda.
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Tast HER for å lese saka i Firda! Obs – denne saka er abonnementsfesta, kan kun lesast om du er abonnement på Firda.
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Tek dette aldri slutt? – spør vår nestleiar Anne J. Bjordal.
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Dette må vi kunne kalle eit lite julemirakel 🙂 Utruleg nok gjekk det bra. Les NRK Sogn og Fjordane si sak HER!
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane fekk tysdag inn ein katt med tre luftgeværkuler i kroppen.
NRK Sogn og Fjordane skriv om saka, tast HER for å sjå.
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Mykje slurv blant katteeigarar. Dyrebeskyttelsen har sprengt kapasiteten – igjen.
Du trur det ikkje før du får sjå det …. Denne pusen, og kullsøstra, vart funnen i ein bag …..
NRK Sogn og Fjordane skriv om saka, tast HER for å sjå.
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
No er årmeldinga for 2014 klar. Små og store historiar frå året som gjekk.
Du kan lese den her.
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Fordi mange kattar har vore svikta har vi til ei kvar tid inne sky kattar som treng lang tid på å bli trygge på menneske. Ikkje alle blir det …. Treng du nokon som kan vere ansvarleg for mus- og rottebestand på garden? Ein gard er for mange kattar draumestaden. Særskilt for dei kattane som trivst best på eiga hand utan å verte dulla eller «fjolla» med av folk heile dagen. Våre fjøskattkandidatar har ei røff livserfaring. Dei har blitt overletne til seg sjølv og gått ute ei god stund utan noke særlig menneskekontakt. Dei er tøffe, hardføre og knallgode på musejakt. Ikkje villkatt men heller ikkje kosekatt. Denne pusen vil vere ute, luske og jakte samstundes som den nyter selskap av andre dyr og mennekser på litt avstand. Kan oftast klappast men er ikkje klengete (Kan med tida godt bli det..). Den treng ein varm stad som t.d ein fjøs om vinteren og tilgang på mat. Ein musejegar vil også trenge jevnlige ormekurar slik at gardens høvdingkatt skal vere i tipp topp stand. Kan du eller veit du om noken som kan hjelpe ein slik katt til eit godt liv vidare?
Ta kontakt med Bettina på tlf 412 44 002/ bettina@dyrebeskyttelsen-sfj.no
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane 25 år!
Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane feirar i desse dagar 25 års Jubileum. Dette håpar vi heile befolkninga i Sogn og Fjordane vil vere med oss og feire.
Det har vore 25 år med slit og tunge tak, men og mange gode stundar. Vi har fortsatt mykje arbeid som står att før vi vert overflødige.
Foreininga vart starta i 1999. Det første namnet var Dyrevernlaget i Sogn og Fjordane, og leiar i interimstyret den gong var Magne Aslaksen frå Florø. Fleire av ildsjelene som var med frå starten av er fortsatt aktive dyrevernarar. Organisasjonen er eit fylkeslag tilknytta Dyrebeskyttelsen Norge.
Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane mottek ikkje offentleg støtte. Gjennom 25 år har det difor vore ein kamp å rekruttere frivillege og oppretthalde aktiviteten. Drifta vert finansiert ved medlemskap, gåver, testament og grasrotandel via Norsk Tipping.
Organisasjonen er basert på frivillig, ulønna arbeid. Dagleg mottar våre frivillige fleire titals henvendingar via telefon, mail, heimeside og sosiale mediar. Henvendingane gjeld ofte funn av eigar- og heimlause dyr, skadde dyr, tapte dyr, bekymringsmeldingar, ønskje om rådgjeving eller ønskje om å adoptere dyr. Gjennom 25 år har vi gradvis merka ein auka forståing for dyrevern. Det er fleire enn før som ønskjer å ta til seg eigar- og heimlause dyr, hjelpe med transport, vere forvertar, og bidra med anna praktisk hjelp.
I løpet av 25 år har Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane skaffa nye heimar til om lag 3000 dyr. I tillegg har mange tusen dyr fått hjelp på anna vis. Lokalavdelinga har og arbeidd med mellom anna langtransport av dyr, pelsdyrsaka, burhøns og jakt. I mange saker samarbeider Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane med andre dyrevernorganisasjonar, Mattilsynet og politiet. På enkelte dyrevernområder har ein oppnådd gode resultat, men mange av utfordringane som var der for 25 år sida, er der fortsatt. Bruk og kast-samfunn, umerka kjæledyr og ukontrollert formeiring av katt er blant dei største daglege utfordringane.
Det politiske fleirtal manglar mot til å setje dyrevern på dagsorden, her etterlyser vi større engasjement. Reglementet må endrast, og dyr i Noreg treng eit sterkare rettsvern, gjerne i form av offentleg Dyrepoliti som fleire andre land har innført med stort hell.
Den flottaste gåva vi kan få er at mange melder seg inn og blir med oss å feirar.
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Mattilsynet med nye krav til hold av familiedyr:
No er det forbudt å løfte katten etter nakkeskinnet
Les artikkel i VG her!
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
HER kan du lese heile saka i Firda!
Bettina Astor i Dyrebeskyttelsen; – Kastrering, vaksine og ID-merking av katt må vere minstekrav. Prisen bør uansett ned.
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Uvanleg oppdrag for Dyrebeskyttelsen i dag, les HER
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Viktig vårkampanje – bli med i arbeidet for å forhindre flere hjemløse katter:
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
No er årmeldinga for 2013 klar.
Du kan lese den her.
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Tid: Laurdag 22. mars 2014. Kl 15:00
Stad: Førde Gjestehus og Camping.
Alle er velkomne.
Saksliste
Har du saker du ønskjer å fremme til årsmøtet, er du velkomen å ta kontakt.
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Bettina og Anja med hittedyra som begge kom heim same dagen. Rømlingane hadde kvar sin ID- chip noko som gjorde det enkelt fo å finne eigar ved hjelp av vår ID- scanner.
Bettina og Anja med hittedyra som begge kom heim same dagen.
Rømlingane hadde kvar sin ID- chip noko som gjorde det enkelt å finne eigar ved hjelp av vår ID- scanner.
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Her kan du lese årsmeldinga for 2012
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Tid: Søndag 17. mars 2013. Kl 16:00
Stad: Møterommet til Peppes Pizza på Handelshuset i Førde.
Alle er velkomne.
Saksliste
Har du saker du ønskjer å fremme til årsmøtet, er du velkomen å ta kontakt.
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane vil rette ein STOR TAKK til alle våre støttespillere gjennom året ♥ Medlemmar, forvertar, hjelpere, grasrotgivere, dere som rapporterer om dyr som treng hjelp, dere som har adoptert dyr via oss og gir dei kjærleik og omsorg, dere som er aktive på facebooksida vår med å kommentere og dele stoff vi legg ut, og dermed bidreg til å skape og spre gode haldningar, dere som gir oss gaver i form av dyrefôr, utstyr og pengar, kort sagt ALLE som bidreg til å halde hjula i gong.
Ein spesielt STOR TAKK til ein særs dyrekjær person som nylig satte inn tidenes julegåve på kontoen vår; 5000 kroner!! Tusen millionar takk! Som givaren ønska vil pengane gå til å ferdigstille luftegårder i vårt nye dyremottak, slik at dyra (i hovudsak kattar) kan gå ut og inn i luftegårdane slik dei sjølv ønskar. Dyremottaket vil vi fortelle meire om seinare, og sjølvsagt legge ut fleire bilder. Vi planlegg ein offisiell åpning utpå vårparten.
For dyras skuld håpar vi på eit glimrande samarbeid med dykk alle også i 2013, og vi ønskar nye støttespillarar hjarteleg velkommen. GODT NYTT ÅR, ALLE SAMMEN!!
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Denne unge hannkatten er funne i ein container på bossplassen i Hesjedalen. Våt, svolten og forkommen. No er pus og eigar gjenforent! Katten heiter Alex og kjem frå Sunnsdalen i Førde. Han forsvant frå Førde sentrum for 2 veker sidan etter å ha vore blindpassasjer i motorrommet på ein bil. Korleis han kom seg frå sentrum til Hesjedalen er framleis ei gåte…Eigar fann katten sin via vår side på facebook.
Bergens Tidende, VG og Tv2 laga sak om katten som tross alt var heldig – til slutt.
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
No har dyrebeskyttelsen kaniner til omplassering! Heile 9 nydelige kaniner søkjer nye heimar. I utgangspunket var det berre to hokaninar som kom til dyrebeskyttelsen si varetekt pga omsorgssvikt. Ein stjålen hyrdestund hos ein hannkanin etter at dei greide å bryte seg ut av ein innhenging gav 16 nye kaniner. Sjå «omplassering andre dyr» på heimsida vår.
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Visste du at måkebestanden sør for Stadt er halvert? Ante du at Fiskemåke, Krykkje og Hettemåke er rødlista og dermed freda?
Det er ei vanleg misoppfatning at det no er meir måker ein nokon gong. Mange av måkene sine naturlege leveområder er øydelagde og dei har difor slått seg meir til i tettstader og byar. Mange opplever desse fuglane som tallrike og ei plage blant anna pga støy og hekking på hustak. Dermed er respekten for måkene på eit lågt nivå hos fleire noko som utset denne fuglen for mykje motstand og lidingar. Tillatelse til felling kan berre gis etter skriftleg søknad til kommunen og gjeld berre vaksne fuglar. Det er ikkje tillete å fjerne/skade reir, egg eller ungar.
Ferdsel på tak fleire gonger om dagen i perioden før egglegginga byrjar er effektivt dersom ein vil unngå hekkande måker. Ein kan også spenne opp liner over takflata: ca 30 cm høge med halv meter mellomrom. Rydding av gjengrodde holmar gjer at måkene kan føretrekke dette som hekkeområde og flytte hit dersom det er trygt. Mp
Norsk Ornitologisk Forening har sendt ut utfyllande informasjon om dette til alle fylkesmenn, fylkeskommunar og kommunar. Vi anbefalar sterkt denne linken kor du finn artikkel med meir interessant informasjon : http://birdlife.no/naturforvaltning/nyheter/?id=1019
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Kronerullinga til Molly si veterinærbehandling gjekk himmelhøgt over vår forventning. Kr 28 000 kom inn til Molly i løpet av ett døgn!! Sidan sist har Molly fått den veterinærhjelp ho treng, ei ny mjuk katteseng, og mykje ro, kvile og kos hos ein av våre dyktige fòrvertar. Molly kjenner seg tydeligvis betre for ho viser seg no som ei glad, leiken og kosete katt. Med rett mat og pleie vil Molly kunne verte ei gamal pusefrue og er snart klar for ein ny varig heim. Det er framleis att mykje pengar frå kronerullinga og desse vil vi øyremerke til liknande tilfeller slik at fleire skal få den same sjangsen som Molly. Takkar for fantastisk engasjement og alle bidrag.
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
For nokre dagar fekk vi inn ein mishandla og skada katt. Vakre gode Molly har gått med hofta ute av ledd over lang tid, ho har vore igjennom parring, drektighet og fødsel med denne skaden, – tenk for eit smertehelvete!
Eigar drepte alle hennar 4 små, truleg rundt 6 veker gamle. Til slutt kasta han Molly ut fra altanen i 2. etasje i håp om at han var kvitt henne også.
Veterinærsjekk i går gav to alternativ: operasjon eller avliving. Operasjon vil koste minst kr 5000, pluss behandling og
rekonvalesens i lang tid. For ein frivillig organisasjon er dette er mykje pengar og derfor satte vi umiddelbart igong kronerulling på facebook. Vi ynskjer å gje denne katten eit verdig og smertefritt liv. Responsen på facebook har vore enorm og pengane har strømma inn. Vi har no fått inn kr 14 000 til Molly!! Operasjon er bestilt og vi treng ikkje å spare på noko som helst for at Molly skal bli frisk.
Ho skal opereres på tirsdag og vi skal halde alle løpande oppdatert på korleis det går med ho. Om det blir pengar til overs til slutt ynskjer vi å sette desse av til liknande tilfelle slik at alle kronene vil gå til å hjelpe katt med smertefull skade til eit godt liv vidare. Vi er djupt takknemlige for all støtte og respons frå dyrevenner over heile landet. Tusen hjertelig takk alle saman!
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
27 Mars var dagen for årsmøtet vårt og nytt styre vart valgt. Ny leiar er no Cecilie Heggelund (tidligare nestleiar) og tidlegare styremedlem Bettina Astor er no nestleiar. Ove Myrmel gjekk etter eige ynskje frå leiarvervet til varamedlem. Styret er mykje det same som før bortsett frå Ida Beate Løken frå Førde som er ny. Ellers er det tre nye navn blant våre varamedlemer. Sjå «styret» under «Om oss» for meir info. Vi ynskjer i tillegg å informere om at vi heretter aukar gebyret for omplassering av katt. Auka i adopsjonsgebyr er vedteke på grunnlag av vår økonomi men mest av alt pga høgare prisar hos veterinær. Kvar einaste krone av omplasseringsgebyret går til arbeidet vårt med heimlause dyr.
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Årsmøte for Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane.
Stad: Møterommet til Peppes Pizza, Handelshuset i Førde
Tid: 15:00-18:00, 17.mars 2012
Alle er velkomne.
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?
I eit av dei siste utgåva av bladet «hjemmet» har ein kunne lese om blandingshunden Rex og Nicky, Belgisk fårehund. Dyebeskyttelsen Sogn og Fjordane sine omplasseringshundar har fått stått fram på landsdekkande media med ynskje om nye heimar. Responsen har vore stor og det gjekk ikkje lang tid før dei begge hadde fått kvar sin nye familie. Vi ynskjer Rex og Nicky lykke til vidare!
Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?