Ung, lita kattemor og 2 kattungar. Askvoll kommune.

Bente Dalsøren 4Bente Dalsøren 3Bente Dalsøren 2Bente Dalsøren 1

OPPDATERING: DEI 2 SMÅ ER OMPLASSERTE. KATTEMORA SMATT DESSVERRE UT FRÅ FORVERT, BEFINN SEG I HØYANGER. VÆR VENNLIG Å HJELP OSS MED Å FINNE HO, OG KONTAKT OSS OM DE TRUR DE KAN HA SETT HO. TAKK!

Denne unge kattemora og hennar 2 små kattungar vart funne på eit aude område i Askvoll kommune. Kjenner eller eig du katten? Alle tips mottas med takk. Tlf 412 44 002 eller e-post til post@dyrebeskyttelsen-sfj.no

 

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Området Sørbøvåg i Hyllestad kommune / Hellevik i Fjaler kommune

hyllestad-12 hyllestad-22

OPPDATERING: DENNE KATTEN VAR HELDIG OG FEKK BLI PERMANENT HOS DEI SOM HAN SJØLV OPPSØKTE. DEI HAR NO HATT HAN TIL DYRLEGE OG GITT HAN FULL KASTRERINGSPAKKE.

Denne katten dukka opp i området mellom Sørbøvåg og Hellevik i juni. Fekk etterkvart mat av fremmedarbeidere, og når desse flytta vandra katten vidare og fann ei snill eldre dame. Katten kjem no inn til henne, er husvandt og har tydelig vore eigd. Ergo, nokon må sakne denne flotte katten! Kan ha gått langt, eller vore passasjer med bil.

Kjenner du katten eller veit kven det er sin? Kontakt Bettina på tlf 412 44 002, evt. send mail til bettina@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Bygstad

Bygstadkatt 1Bygstadkatt 2
Denne store svarte katten har oppsøkt Sparbutikken og naboar for hjelp dei siste dagene, den var desperat i kveld i 13 minus!
Så den er tatt i hus av DB i påvente av at eigar melder seg. Pus er dessverre ikkje chippa.
Så kjenner du den eller eigar så ver så snill å melde frå på tlf. 41 35 62 76

Oppdatering juni 2016: Denne katten hadde dessverre langtkomen katteaids, og fekk sovne inn hos veterinær. Kvil i fred, lille venn.

Dersom katten hadde vore kastrert, hadde den nok ikkje vorten smitta av katteaids. Særs viktig å kastrere kattar av begge kjønn!

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Ulltang, Førde

IMG_6599

Ukastrert hannkatt som har gått lenge ute på Ulltang i Førde. Vart først observert i juni 2015, sky og redd. Vart teken i hos hos Dyrebeskyttelsen i november. Er no kastrert, vaksinert, ormebehandla og ID-merka med chip. Han begynner å bli noko tryggare. Kven eig denne flotte katten?? Tlf 483 56 333.

Oppdatering juni 2016: Heller ikkje denne kattens eigar var mulig å oppdrive …. Katten fekk navnet Momsen og har no fått sin varige heim der han er høgt elska.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Førde

ulltangEr det noen som kjenner den igjen? Pusen har busett seg i ein garasje på Ulltang. Pusen er svak i bakbeina og går unormalt. Veldig kosete og kontaktsøkende. Tlf 41644848

Oppdatering. Både Dyrebeskyttelsen og Flora Dyreklinikk leita i månedsvis etter denne katten sin eigar, men ingen eigar å finne …. Etter 10 dagar på klinikken vart katten utskriven, og fekk sin perfekte for alltid heim! Ho fekk navnet Ulla, og går under tilnavnet Ulla Gulla.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Eikås

eikåskatt

OPPDATERING: EIGAR AV DENNE KATTEN VAR DESSVERRE IKKJE Å FINNE, DEI HAR HELLER IKKJE KONTAKTA DYREBESKYTTELSEN ANGÅANDE SIN SAKNA KATT. KATTEN FEKK FØRST KOMME TIL FORVERT OG VAR DER LENGE I PÅVENTE AV AT VI SKULLE KLARE Å FINNE EIGAR. NOKO SOM VILLE HA VORE SÆRS ENKELT DERSOM HAN VAR CHIPPA. MEN DET VAR HAN IKKJE, OG VI LYKKAST IKKJE. KATTEN ER NO OMPLASSERT OG STORTRIVST I SIN NYE, VARIGE HEIM. FØRST FEKK HAN SJØLVSAGT FULL KASTRERINGSPAKKE, MED VAKSINE, ORMEKUR – OG CHIP.

Denne svarte katten har gått nokon mnd på Eikås, er tam og har tydelig vore eigd. Litt forsiktig av seg. Ikkje chippa og ingen eigar har meldt seg.
Nokon som kjenner?

Kontakt oss på epost eller vår hjelpetelefon.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Hornindal

20140427_162040 verandakatt Honndalen

OPPDATERING: EIGAR VART ALDRI FUNNEN. PUSEN ER OMPLASSERT OG HAR DET SUPERT NO!

Denne ca 11 månader gamle hannkatten har vandra rundt til ulike heimar i Hornindal sidan før jul, utan at heimen hans er lokalisert. Det har vore hengt opp plakatar og alle i nærleiken er spurt om dei kjenner katten. Katten har no vore hos Dyrebeskyttelsen sidan 7. mai, men ingen har meldt han sakna. Kontakt oss snarast på telefon 412 44 002 dersom dette kan vere din katt. Dersom ingen tek kontakt vert han lagt ut til omplassering med det aller første.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Saknar kattemor og eigar

kaatunger aug13

OPPDATERING: DENNE SAKA VISTE SEG Å VERE EIN AV HUNDREVIS TILSVARANDE …. VI MÅTTE FOSTRE OPP KATTUNGANE UTAN KATTEMOR, OG KATTEMOR KOM ALDRI TILBAKE (VI PRØVDE SJØLVSAGT I LANG TID) SÅ HO MÅTTE GÅ VIDARE UTAN SINE SMÅ, STAKKARS. VI BER INSTENDIG OM AT ALLE MÅ KASTRERE KATTANE SINE, SÅ SANT DEI IKKJE ER GODKJENDE FOR SERIØS AVL.

Tre kattungar i Førde (Skjæret), født i ein garsje, måtte takast hand om då kattemor forsvant. Vi saknar både kattemor og eigar til pusane. Nokon som kjenner dei? Tlf 41356276/91737063

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Høyanger

IMG_2786
OPPDATERING: JPPI, HAN VAR CHIPPA!! MEN DEN VAR IKKJE REGISTRERT MED NAVN OG TELEFONNUMMER, SLIK DEI SKAL VERE. MEN VI FANN DEI TIL SLUTT, DET VAR FERIEGJESTAR OG HUNDEN VILLE FORSTÅELEG NOK UTFORSKE HØYANGER LITT. HAN VART RASKT HENTA AV EIN LETTA FAMILIE 🙂 DEI FIXAR NOK CHIPPEN MED DET FØRSTE.
Kinesisk nakenhund tatt hånd om i Høyanger sentrum (moloen). Hannhund, godt i stand, men våt og kald. Chippen er ikkje registrert. Telefonnummer på halsbandet, men ikkje svar. Noen som kjenner han? Tlf 412 44 002

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Førde

OPPDATERING: VERDENS KJEKKASTE KATT! HØGST MERKELEG AT INGEN SAKNA HAN? HAN FEKK NAVNET SLÅTTEN, KOM FØRST TIL FORVERT I HØYANGER DER HAN VART TERAPIKATT FOR DEI SKY KATTANE. VI SKULLE GJERNE HA ANSATT HAN FAST 🙂 HAN FEKK EIN FANTASTISK GOD HEIM I INDRE SOGN. DESSVERRE FORSVANN HAN ETTER EIT ÅR, OG ER IKKJE FUNNEN ATT. KONTAKT OSS DERSOM DU SER DENNE GODE KJERNEKAREN AV EIN KATT.

Denne vesle karen er hyppig gjest hos ein familie i Slåttebakkane, Førde. Uredd, kosete og litt for husvarm – den har sikkert ein heim i nabolaget? Er det din katt, eller kjenner du katten, ring Bettina på tlf 412 44 002.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Vadheim

OPPDATERING: VI FANN ALDRI EIGAR TIL DENNE KATTEN. EIGAREN MELDTE SEG IKKJE PÅ VÅRE ETTERLYSNINGAR, OG MELDTE HELLER IKKJE KATTEN SAKNA. HO FEKK NAVNET VANJA, OG VAR LENGE HOS FORVERT I HØYANGER. HO VAR BERRE «SKINN OG BEIN», OG DET TOK EIN MÅNAD MED REKONVALESENS SAMT Å TRENE OPP MAGEN TIL Å ETE NORMALT ATT, FØR HO KVIKNA GRADVIS TIL. FØRSTE MÅNADEN BERRE SOV HO, OG ÅT OG DRAKK LITT NÅR HO ORKA. I STARTEN MÅTTE VI GI HO EKSTRA VATN, FORDI HO VAR FOR SVAK OG APATISK TIL Å DRIKKE SJØLV. HO FEKK OGSÅ EKSTRA NÆRINGSRIK A/D-FÔR FRÅ HILLS, SOM VI BLANDA UT MED VATN. ETTER KVART BLOMSTRA HO SKIKKELEG! GLAD, FRISK, STERK, MORSOM OG NYDELEG VAKKER! EG LEGG INN EIT BILDE SÅ DU KAN SJÅ DEN FANTASTISKE FORVANDLINGA. VANJA FØR OG ETTER. DET VAR EKSTRA TUNGT Å LEVERE FRÅ SEG VANJA, MEN DESSVERRE KAN EIN IKKJE BEHALDE ALLE. HO HAR FÅTT EIN SUPER HEIM DER HO ER HØGT ELSKA, OGSÅ I HØYANGER.
Vanja fra Vadheim 2, her etter lang rekonvalesens, og her i ny heim. (2)

 

Vi har fått inn ein sliten, tynn og svolten katt frå Vadheim. Kjenner du denne, kan du ringe tlf 412 44 002.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Hermansverk

 Herman har på eit eller anna vis komen bort frå heimen sin. Etter å ha gått i over ein månad rundt på Hermansverk gjorde han eit smart trekk. Han tok inn på Sognefjord Hotel, og sjarmerte dei ansatte i senk. Dei gav han ly, tryggheit og masse kos. Og ikkje minst fekk han fråtse i fersk fisk, spesiallaga til den hårete gjesten. Trafikkforholda utanfor gjorde at dei ikkje tok sjansen på å la Herman bli hotellkatt, dermed kontakta dei Dyrebeskyttelsen som henta han samme dag. Herman hadde ein skade på halen sin som gjorde at han måtte amputere halespissen. No går han på antibiotika og smertestillande, og lar den blå bandasjen vere i fred. Herman er ca 4,5 månader gammal, ein kosekatt av rang. I første omgang leitar vi etter eigar. Ta kontakt på telefon 412 44 002 dersom du eig eller kjenner denne kattungen.

OPPDATERING: DYRLEGEN FALT PLADASK FOR HERMAN. HAN VAR HYPPIG TIL DYRLEGE PÅ GRUNN AV HALESTUBBEN SIN, SÅ ETTER DET 3. VETERINÆRBESØKET, FEKK HAN BLI MED VETERINÆREN HEIM. HAN SJARMERTE SEG RETT INN I DYRLEGEHJERTET OG FEKK BLI DER 🙂

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Bygstad

Svolten katt dukka opp på Osen Gard i Bygstad. Eigar bes ringe tlf nr. 41 35 62 77
OPPDATERING: SOM I DEI FLESTE TILFELLA, VAR EIGAR TIL OGSÅ DENNE KATTEN SOM SUNKE I JORDA. INGEN RESPONS PÅ ALLE ETTERLYSNINGANE VÅRE. HO FEKK NAVNET OSEANA, SÅ SNILL, GOD, ROLEG OG UTRULEG VAKKER. HO VAR HOS FORVERT I HØYANGER NOKRE MÅNADER FØR HO FEKK SIN HEILT EIGEN HEIM. DER HAR HO DET GODT OG FÅR SJØLVSAGT BLI FOR ALLTID.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?