Omplassering av dyr

For oss dyrevenar er det å ha kontakt med dyr ein enorm rikdom i livet, og ekstra privilegerte er nok vi som har anledning til å ha eitt eller feire kjæledyr i heimen vår. Selskapet dei gir er uvurdeleg for menneske i alle aldre, vi får rett og slett ein nær ven i eit kjæledyr. Det seiast at å ha kjæledyr er positivt for både den mentale og fysiske helsa vår – til dømes kan det å ha ein katt på fanget senke blodtrykket og auke mengda av lykkehormonet endor!n. At dyr er bra for oss, herskar det med andre ord liten tvil om. Men det er vel så viktig å huske på at nytteverdien må gå begge vegar. Dyra er totalt avhengige av oss og vår omsorg for dei. Det er vår plikt som dyreeigere å ta ansvar for at dei firbeinte har det godt på alle måtar, til ein kvar tid – og i alle våre og deira livsfasar.Det å skaffe seg kjæledyr er for dei fleste ei grundig gjennomtenkt avgjersle. Ein bør på førehand ha tenkt igjennom alle situasjonar som kan oppstå, og tenke så langsiktig som råd er gjennom heile dyrets antatte levetid. Ingen kan forutsjå framtida, men vi kan til ein viss grad førespegle om det er mogleg å behalde dyret dersom det skulle oppstå uforutsette situasjonar.For mange er eit kjæledyr som eit fullverdig familiemedlem, der det er naturlig at dyret følgjer familien gjennom tykt og tynt. Dessverre kjem ikkje dette like naturleg hos alle. Det er heller ikkje alle situasjonar som er foreinlege med å ha dyr. Da gjeld det å ha ein plan B.

Dyrebeskyttelsen får ofte telefonar frå fortvilte menneske som ikkje lenger kan ha kjæledyret sitt. Årsakene er oftast jobbskifte, familieauke, skilsmisse, Flytting eller generell tidsmangel. Her bør eigar først vurdere om dette er gode nok grunnar til å skiljast frå ein ven, eller om det fins ei løysing som inneber å behalde Pus og Passopp. Om dette er umogleg, bør eigar legge ned ein betydeleg innsats for å !nne ein god ny heim til kjæledyret sitt.
I den samanheng har vi nokre tips; Spør øvrige familie og venar. Bruk bildeannonsar i lokalavisa og internett.

Vær selektiv med hensyn til kven som får overta dyret, den første som tek kontakt er ikkje alltid den beste. Kastrer, ID-merk og vaksiner katten før omplassering – om det ikkje allereie er gjort. Nokre dyreslag, spesielt kattar og kaninar har lav samfunnsverdi, så ein bør ikkje underbyggje dette ved å gje dyra bort gratis. Skriv kontrakt, ta betaling, og følg opp i ettertid.Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane har hovudfokus på eigar- og heimlause dyr, der vi jobbar kontinuerleg med førebyggande og hjelpande tiltak. Kvart enkelt dyr vi tek inn, viast ein lang og krevjande prosess for at dei skal sikrast ei god framtid.
Når vi får henvendingar som gjeld omplassering av eigde dyr, må vi dessverre ofte seie nei, men det hender at vi kan hjelpe. Vi prioriterar først og fremst å hjelpe ved alvorleg sjukdom eller dødsfall. Elles blir det til einkvar tid ei vurdering på grunnlag av kor mange dyr vi har inne, samt vår kapasitet av både menneskelege og økonomiske ressursar. Fordi det ligg svært mykje arbeid i å omplassere dyr, og vi har utgiftar i forbindelse med dette, må vi ta eit gebyr når vi inngår avtalar om omplassering av eigde dyr. I 2012 omplasserte vi om lag 100 dyr. Av desse er det 18 hundar, 5 kaninar og ein minigris. Resten er kattar. Ca. 20 % av desse dyra var eigde. Elles var alle de!nert som eigar- og heimlause. Korleis så mange opphavleg eigde dyr kan bli eigar- og heimlause, er for oss ei gåte. Vi meinar likevel å ha noko av løysinga på denne gåta, (og det kan ikkje seiast for ofte) – om alle kastrerar kattar av begge kjønn, samt ID-merkar alle husdyr, vil talet på eigar- og heimlause dyr gå betydeleg ned.

Del gjerne med dine venner 🙂Share on FacebookEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Google+Share on TumblrPin on Pinterest