Schæfer

Flott, stor og langhåra schæferhann søkjer ny heim.
Han er ca 6,5 år gamal.
Han har vert ute på prøve i 4 veker, men kom tilbake no grunna allergi.(24.juni, 2015)
(Les meir om han under biletet)

Schæfer1

– Han går fint i løypestreng ute.
– Rolig inne.
– Ikkje mat-agressiv.
– Ikkje «mat-galen», et det han treng når han er svolten.
– Tiggar ikkje ved bordet.
– Rolig heile natta.
– Likar godbit. Han kan: Sitt, dekk, bli, gi labb.
– Går bra med langline på skogstur.
– Ønskjer besøkande velkommen, rolig og logrande.
– Når ein går på tur og treff nokon ein vil stoppe å prate med, så legg han seg ned og ventar. Masar ikkje.
– Han likar å bade. Hoppar rett uti vatn.
– Går fint å børste, tørke med handkle, tørke med føn, støvsuge.
– Glad i ungar.
– Hoppar ikkje opp etter folk.

– Trekker sterkt i bandet når ein går tur, så dette må trenast på. «Høyrer dårlig» når der er katt/hund/syklistar/ungar i nærheten.

– Møte med andre hundar: Har ikkje mykje erfaring enda. Men første inntrykket er at han er interessert, men ikkje «hyper» når vi er passelig på avstand. Men om han kjem i nærkontakt med like dominant hanne, så ryk dei i hop. Tisper går fint.

Han har tydeleg vore trent/mosjonert med å kaste ball, så han var veldig fiksert på alt som han fann som kunne kastast. Etter ei veke der det blir vist null interesse for det han kjem med, så er denne uvanen nesten vekke.

Denne schæferen treng ein hundevandt familie som har erfaring med store hundar. Dei må være villige til å legge ned tid bl.a på å trene å gå i band.

Om du er interessert, så skriv litt om deg sjølv og send det til heidi@dyrebeskyttelsen-sfj.no.
(Mob. 413 56 276)

Schæfer2

Schæfer3

ø;

Foto: Førde hundelufting

ø;

Foto: Førde hundelufting

ø;

Foto: Førde hundelufting

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Pressemelding 25-års jubileum

header_face

Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane 25 år!
Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane feirar i desse dagar 25 års Jubileum. Dette håpar vi heile befolkninga i Sogn og Fjordane vil vere med oss og feire.
Det har vore 25 år med slit og tunge tak, men og mange gode stundar. Vi har fortsatt mykje arbeid som står att før vi vert overflødige.

Foreininga vart starta i 1999. Det første namnet var Dyrevernlaget i Sogn og Fjordane, og leiar i interimstyret den gong var Magne Aslaksen frå Florø. Fleire av ildsjelene som var med frå starten av er fortsatt aktive dyrevernarar. Organisasjonen er eit fylkeslag tilknytta Dyrebeskyttelsen Norge.

Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane mottek ikkje offentleg støtte. Gjennom 25 år har det difor vore ein kamp å rekruttere frivillege og oppretthalde aktiviteten. Drifta vert finansiert ved medlemskap, gåver, testament og grasrotandel via Norsk Tipping.

Organisasjonen er basert på frivillig, ulønna arbeid. Dagleg mottar våre frivillige fleire titals henvendingar via telefon, mail, heimeside og sosiale mediar. Henvendingane gjeld ofte funn av eigar- og heimlause dyr, skadde dyr, tapte dyr, bekymringsmeldingar, ønskje om rådgjeving eller ønskje om å adoptere dyr. Gjennom 25 år har vi gradvis merka ein auka forståing for dyrevern. Det er fleire enn før som ønskjer å ta til seg eigar- og heimlause dyr, hjelpe med transport, vere forvertar, og bidra med anna praktisk hjelp.

I løpet av 25 år har Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane skaffa nye heimar til om lag 3000 dyr. I tillegg har mange tusen dyr fått hjelp på anna vis. Lokalavdelinga har og arbeidd med mellom anna langtransport av dyr, pelsdyrsaka, burhøns og jakt. I mange saker samarbeider Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane med andre dyrevernorganisasjonar, Mattilsynet og politiet. På enkelte dyrevernområder har ein oppnådd gode resultat, men mange av utfordringane som var der for 25 år sida, er der fortsatt. Bruk og kast-samfunn, umerka kjæledyr og ukontrollert formeiring av katt er blant dei største daglege utfordringane.
Det politiske fleirtal manglar mot til å setje dyrevern på dagsorden, her etterlyser vi større engasjement. Reglementet må endrast, og dyr i Noreg treng eit sterkare rettsvern, gjerne i form av offentleg Dyrepoliti som fleire andre land har innført med stort hell.

Den flottaste gåva vi kan få er at mange melder seg inn og blir med oss å feirar.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Innkalling til årsmøte 2014

117934752Tid: Laurdag 22. mars 2014. Kl 15:00

Stad: Førde Gjestehus og Camping.

Alle er velkomne.

 

Saksliste

  • Godkjenning av innkalling og saksliste
  • Val av møteleiar
  • Val av referent
  • Val av tellekomité
  • Val av medlemmar til å signere årsmøteprotokollen
  • Årsmelding 2013
  • Årsrekneskap 2013
  • Saker frå styret
  • Innkomne saker
  • Budsjettforslag 2014
  • Val

 

Har du saker du ønskjer å fremme til årsmøtet, er du velkomen å ta kontakt.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Gizmo

Gizmo er fødd 1/4 2011 og er ein miks av flatcoated retriver og golden retriver. Han er en fantastisk hund som med tungt hjerte må omplasserast pga allergi hos eigar. Han er veldig glad i barn, så passar veldig fint inn i ein barnefamilie. (Kan bli litt voldsom i leik av og til.) Gizmo kan de grunnleggende kommandoene, og viser stor interesse for å gå spor. Han er glad i å bade og å gå på tur i skogen. Gizmo er chippa.
Ønskjer du meir informasjon?
Ta kontakt med cecilielinnh@hotmail.com /tlf 97093188 (etter kl 17)
20130518_114654

20130518_121516

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Førde

pusemann
SAKNA OG SIST SETT PÅ VIE I FØRDE. Pusemann er ein klok herremann på 13 år. Han har budd ute denne vinteren og har ikkje hatt det så lett. Etter å ha komt i hus og fått veterinærsjekk, fri tilgang på god mat, friskt vatn, varme og kjærleik blomstrar han igjen og han gler seg til den vakre pelsen veks ut att etter flokane han fekk i vinter. Pusemann likar godt å ligge i sofaen med ei varm hand i pelsen. Ein slik klok, gammal herremann treng også sin ro og legg seg på ein rolegare plass om han føler for dette. Han vil nok trivast best i ein roleg heim, men er heller ikkje redd for å finne fram kattungen i seg og ei «mus» med fargerik hale som heng fast i ein pinne, det er gøy!» Puseman er van med andre kattar og hund. På biletet ser du Pusemann til venstre.

Ta kontakt på mob. 951 98 514 for meir informasjon

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Rømlingar med ID-chip kom raskt heim

Bettina og Anja med hittedyra som begge kom heim same dagen. Rømlingane hadde kvar sin ID- chip noko som gjorde det enkelt fo å finne eigar ved hjelp av vår ID- scanner.

Bettina og Anja med hittedyra som begge kom heim same dagen. Rømlingane hadde kvar sin ID- chip noko som gjorde det enkelt fo å finne eigar ved hjelp av vår ID- scanner.

Bettina og Anja med hittedyra som begge kom heim same dagen.
Rømlingane hadde kvar sin ID- chip noko som gjorde det enkelt å finne eigar ved hjelp av vår ID- scanner.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Innkalling til årsmøte 2013

117934752Tid: Søndag 17. mars 2013. Kl 16:00

Stad: Møterommet til Peppes Pizza på Handelshuset i Førde.

Alle er velkomne.

 

Saksliste

  • Godkjenning av innkalling og saksliste
  • Val av møteleiar
  • Val av referent
  • Val av tellekomité
  • Val av medlemmar til å signere årsmøteprotokollen
  • Årsmelding 2012
  • Årsrekneskap 2012
  • Saker frå styret
  • Innkomne saker
  • Budsjettforslag 2013
  • Val

 

Har du saker du ønskjer å fremme til årsmøtet, er du velkomen å ta kontakt.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Etterlysning Pusi


PUSI, ung hokatt har vore vekke frå Bøgardsvegen 64 på Ytre Hafstad sidan fredag 21.09.12
Ho er tigerstripete, lang og slank, kvit bringe og framlabbar, kvitt fjes, litt mørkare felt rundt munnen!
Har dessverre ikkje halsband, det mista ho to dagar før ho forsvant!
Har nokon sett ho så vennligst ta kontakt på tlf 416 07 362.

Pusi er no komen tilbake til eigar etter 11 dagar på rømmen. Eigar seier: «I fin form,virkar som nokon har hatt ho inne og gitt ho mat……».

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Balder

Balder er født i eit naust i begynnelsen av april. Mora Beauty bar han og søskena til ei snill dame som gav dei husly. Dei fekk til og med ligge i senga. No håper han alle gode ting er tre og at han får en varig heim. Ifølge forvert er han berre god, rolig og husrein.

Han elsker å ligge i halsgropa og kose, da er han i himmelen.
Kan du gje han ein trygg og god heim, så ta kontakt med:
Rigmor 901 75 156 / rig-sil@online.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

James

James er ein vaksen herremann med edelt blod i årane. Det er mykje siameser i denne katten, det høyrer ein på stemmeprakta hans og det ser ein.
James er bitteliten, smal og nett med ein tynn hale. Etter mange månader med godt stell er han no ein tung katt med mykje muskler, frisk og fin.
Lynnet er nydelig, svært kontaktsøkande og vil gjerne vere der du er, enten ute eller inne, og han er ein draum å ha på fanget. Han viser veldig tydelig at han set pris på deg. Han er svært roleg og har endå ikkje sett han leike eller turne rundt, søv mykje og eter godt. Ikkje kresen i matfatet denne karen.
James vart tatt hand om i Florø etter å ha gått ute mange år. Det var berre så vidt det var livsgnist att i denne karen og ukastrert som han var har han nok tapt dei fleste slåsskampane han har vore gjennom, øyrene hans viser preg av det.
Han likar andre katter, men redselen for muligens bank set sterkt i han. Så James kan nok godt få vere åleinekatt i sin nye heim, men vil nok godta ein roleg fredeleg romkamerat, også hund er ok, så lenge det er av den rolege sorten.
Han held seg til huset, er ute kunn når veret er godt og varmt.
Han er testa for katteaids, og alle prøver viser at han er frisk.
Når han mjauar er ingen i tvil om at dette er siamesar. Likar ikkje å vere mykje åleine, då hender det han roper etter selskap.
Han brukar katteluke, brukar dokasse ute og inne, og er ein enkel god og svært selskapeleg katt. Det vert trist den dagen James ikkje kjem krypande opp i fanget om kvelden og kryp nesten inn i meg.
James er kastrert, chippa og vaksinert. Alder ca 4-5 år, siamesarane kan verte svært gamle.
Dersom dette kan vere rette katten for deg tek du kontakt med Unn på tlf 48356333

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Buster og Balder

Buster er no omplassert

2 glade guttar søkjer nye, gode heimar. Helst ilag. Dei er husreine, vandt til andre katter og kosete. Blir heilt sikkert gode musefangarar.Ønskjer ein heim som ligg landlig til med lite trafikk.Buster er svart og kvit, Balder er svart.Dei er hos forvert på Bryggja ( Nordfjord ).Ta kontakt med Rigmor rig-sil@online.no / 901 75 156

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Svart katt sakna på Vassenden

Svart hokatt på 2 år er sakna frå Langhogane på Vassenden.
Har vore vekke ca. 2 veker no.
Ho er nettopp sterilisert, og vart då barbert under magen. Ho er og nett barbert bak øyrene.
Ho hadde eit rosa/raudt halsband med ei lita raud bjelle, men ikkje sikkert det er på no.
Har du sett denne så ta kontakt med eigar på tlf. 900 94 965/917 63 773

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Vikki

Vikki er 2 år, kastrert og svært velstelt. Ho har vore hos forvert sidan i haust, då ho vart berga i siste liten saman med dei 4 ungane sine.
Vikki er van med andre katter og taklar hund. Ho held seg til huset og folket sitt, men trivest med å vere ute og jakte.
Ho brukar katteluke, er veloppdratt og reinsleg.
Ho er ein av få hokatter som fungerer saman med andre katter, det er aldri noko bråk med henne.
Ho lærer seg raskt huset sine rutinar og når ein kjem frå jobb så sit ho fint og venter ved garasja.
Med huset fullt av andre katter får ho ikkje så mykje oppmerksomhet som ho fortener.
Vikki er hos forvert i Førde og er klar for ein ny heim, der ho er trygg for trafikk.
Ring 48356333 dersom du kan gje Vikki ein god heim.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Beauty

  

Nydelig jentepus på 2 år snart klar for ompl.
Før påske fødte hun et kull på 4 unger i et naust,
i snøkav kom hun til sin reddende engel med en og en kattunge
som var iskalde og” forlangte” å få ha dei i dama si seng der
det var varmt og godt.
Beauty er er vandt med andre katter, er husrein og blir sterilisert og chippet før ompl.
Hun er ikke van med små barn.
Kontakt: 413 56 276

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Hedda


Nydeleg Amerikansk Cocker Spaniel-tispe på 3 år treng ny heim. Ho ynskjer seg ein snill, bestemt og tolmodig eigar, ikkje barnefamilie. Ho elskar å gå tur og er roleg innandørs. Trekker noko når ho går i band og vert redd ved direkte konfrontasjon av fremmede innadørs. Treng ein del trening og oppfølging i høve dette. Til gjengjeld får du mykje kos og kjærleik.
Les meir om rasen her: http://www.canis.no/oppdretter/rasepres.php?raseid=305
Intresserte kan ta kontakt med Anne-Grete på tlf 90127937 eller på e-post anne.nottingnes@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Tussi

Tussi er ei flott jente på ca 3 1/2 år som søker ny heim helst hjå einsleg dame.
Ho er utruleg god og kosete, reinsleg, Likar å få ligge i senga di.
Tussi synes ikkje ungar er stas. Ho er kastrert, vaksinert og ormebehandla.

Kan du gje henne ein heim kontakt Bjørg Tlf. 41356276

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Armani

2. Mars 2012:

Armani er funnen og komt tilbake til eigar i god behald.
Takk til alle i sentrum av Førde som har hjelpt til med å få han i hus att.

22.januar 2012:

Har nokon sett katten Armani som var mista ut av ein bil i førde sentrum for nokre veker sidan. Han er kastrert, litt forsiktig og kan vere vanskelig å få tak i, men lyder navnet sitt. Sist sett ved Førde barneskule. Har du sett han ta snarast kontakt med Unn tlf 48 35 63 33

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Minni

MINNI er no omplassert.

Vesle vakre MINNI er no kastrert og klar for ein ny heim med gode utemuligheter. Ho vart funnen drivande i Førde, mager og forkommen, og hadde nesten gitt opp.
Ingen eigar melde seg ved annonsering, så ho treng ny heim.
Minni er ein makalaus trygg katt, nysgjerrig, og kontaktsøkande.
Ho trivest med huset kaniner og marsvin og ho ruslar saman med dei.
Minni er hos forvert i Førde og vil du vite meir så
ring 483 56 333 og ta ein prat med Unn.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Skotta

 

 

 

 

 

 

 

 

Skotta er no omplassert

Skotta er ein trygg, rolig og lærevillig kvelp. Ho treng ein ny og stabil heim, helst hos nokon som har erfaring med store hunder. Ho sjarmerar dei fleste med sin utsjånad og sitt vinnande vesen, og er glad for å treffe både folk og dyr.

Ho er født 18. september 2011. Dvs at ho no er ca 5 mnd gamal.
Mor til Skotta er ein Dogo Canario og far er blanding av Boerboel og Rotweiler.
Klikk på rasenavna for å lese meir om opphavet.
Alle tre rasane er store og har utprega vokterinstinkt. Det er viktig med mykje sosialisering i tidleg alder.

Sjå fleire bileter på forverten sin Blogg

Send oss ein epost til steinar.kjode@dyrebeskyttelsen-sfj.no , eller ring mob 951 98 514, (17:00-19:00) om du vil vite meir/ er interessert.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?