Mons

1 2 3 4 5 6 7

Mons er ein tam, roleg og svært majestetisk hannkatt som er klar for sin nye heim. Då han kom til forvert tok det ikkje lang tid før han fann seg til rette. Han hadde då oppsøkt eit hus i Naustdal i vinterkulda. Han har vore husrein frå dag ein, og har god appetitt. Mons kan ikkje få nok kos, han kjem gjerne og legg seg på fanget og er ikkje skeptisk til framande. Han går lett i bur, og har ikkje vore problem å frakte, når han til dømes skal til veterinær. Der har han vore, og er no chippa, vaksinert, kastrert og har fått pelsstell. Veterinær kunne fastslå at Mons berre var omlag eit år gamal. Om du ynskjer ein katt som er lojal, som møter deg i døra når du kjem heim, og er lett å ha med å gjere er Mons den rette. Mons ventar på den rette familien/eigaren som han kan bu hos og som vil passe på han. Han er også klar for å få seg eit namn, då forvert har ynskja at den nye familien hans skal få gje han dette. Ønskjer du å gje Mons ein trygg og god framtid, kontakt Tor Eirik på post@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Del gjerne med dine venner 🙂Share on Facebook
Facebook
Email this to someone
email
Tweet about this on Twitter
Twitter
Share on Google+
Google+
Share on Tumblr
Tumblr
Pin on Pinterest
Pinterest