Tyson

Tyson3b

Då Tyson kom til Dyrebeskyttelsen var han først så redd at han trykkte seg saman høgt oppe i eit hjørne. Ved den minste tilnærming freste han og slo hardt med framfoten. Skikkeleg skummel kar, sjølv for store mannfolk. Etter at han vart kastrert vart han meir og meir trygg, slaga kom sjeldnare og fresinga minka. Det som kunne verke som eit håplaust tilfelle, var heldigvis ikkje det. Etter forsiktig test, viste det seg at han likte veldig godt å bli klødd på. Han gnikka seg inntil og vart den godklumpen han ser ut som. No kan han matast frå handa og bli klappa forsiktig. (Kan fortsatt kome frampå med klørne).Han viser interesse for både folk og andre katter, og lager til og med godlyder. Tyson er ein flott kraftkar! Han treng lang tid på å bli skikkeleg trygg, må ha ein permanent heim med mykje god tid. Kontakt Ove på tlf 930 02 641 dersom du meiner du kan tilby Tyson Drømmeheimen.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Del gjerne med dine venner 🙂Share on FacebookEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Google+Share on TumblrPin on Pinterest