Nico

Nico 1 Nico 2

Nico vart nyleg teke inn av dyrebeskyttelsen etter å ha vandra over eit stort område i Naustdal kommune i lengre tid. Det har vore etterlyst etter eigar fleire gonger utan hell. Nico er no vorte kastrert, vaksinert og id-merka og er klar for ny heim.

Nico er ein stor katt på over 5 kg, og er anslått å vere ca 2-3 år gamal. Han har tydeleg hatt ein god heim, då han er tillitsfull, roleg og snill. Då han kom til forvert la han seg raskt til rette i fanget og kunne ikkje få nok kos. Han viser interesse og omsorg for forvert sine andre katter, freste ikkje ein gang ved introdusering. Naboen sin Border Collie derimot, oppfatta han som ein trussel og gjekk rett imot den for å skremme den ut då den kom på besøk. Det lukkas..

Nico har hatt tilvenning med å gå ute i sele, dette har han akseptert heilt fint. Han er ein veldig god og snill katt som er lett å handtere. Det er uvisst korleis han er med barn, så det er muligens best at han får ein heim der det ikkje er så veldig små barn. Nico er ganske så ulik Boris (ein annan katt hos forvert), men desse to ser ut til å ha funne ein spesielt god tone og kan med fordel få ny heim i lag.

Ta kontakt pr. e- post eller sms der du fortel om deg sjølv, familie- og buforhold, erfaring med dyr og kva du kan tilby han  ove@dyrebeskyttelsen-sfj.no eller tlf 930 02 641

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Del gjerne med dine venner 🙂Share on FacebookEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Google+Share on TumblrPin on Pinterest