Boris

BorisBoris 2

Boris kom til dyrebeskyttelsen våren 2017. Han vart funnen i Bygstad (Gaular) og var då ein spak og redd, ukastrert og umerka hannkatt på ca 1 år. Etterlysning etter eigar har ikkje ført fram, og han er no klar for ny heim, ferdig kastrert, vaksinert, ormebehandla og id-merka. Det forvert trudde var ein veldig forsiktig og rolig katt, som helst ville ligge i kattehula si og få kos, viste seg etter kort tid å vere ein svært så aktiv katt, med fokus på fart og spenning. Likevel elsker han kos, og å bli børsta er noko av det beste han veit, inntil leikebehovet vert større… Han er ein hengiven katt, og kjem springande først nesten uansett kven forvert roper på, både inne og ute. Hos forvert er det for tida 4 andre katter som han går fint i lag med, men til tider syns dei han er litt slitsom med sitt høge aktivitetsnivå og gir då grei beskjed om at det er nok leiking, eller vel å trekke seg unna. Boris går spesielt godt i lag med Nico, som berre har vore nokre veker hos forvert, og dei hadde sikkert sett pris på å få ny heim i lag. Sidan Boris er så aktiv, treng han ein heim der han kan få boltre seg i eit stort uteområde. Han kan vere litt dominant overfor nabokatter, men det går seg til. I heimen bør det muligens ikkje vere små barn, då han kan vere litt voldsom i leiken med kloring og biting, som ikkje gjer skade, men som kan skremme unger som ikkje er vant til slikt. Overfor framande er Boris fortsatt forsiktig, så ein må rekne med ei tilvenning på dager/ veker før hans sanne vesen kjem fram. Ein herleg, hengiven krabat som skaper liv og røre! Ta kontakt pr. e- post eller sms der du fortel om deg sjølv, familie- og buforhold, erfaring med dyr og kva du kan tilby han 🙂 ove@dyrebeskyttelsen-sfj.no eller tlf 930 02 641

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Del gjerne med dine venner 🙂Share on FacebookEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Google+Share on TumblrPin on Pinterest