Lurven

lurvenLurven er ein flott og sjølvstendig herremann på 2 år. Om han ikkje riggar seg til i fanget ditt til alle tider likar han å vere nær deg. Er veldig glad i selskap og elskar å følgje med på det som skjer i huset og ikkje minst utanfor vindauget. Når han møter ny folk eller det oppstår nye situasjonar kan han vere noko skeptisk og kan dermed trenge ein aldri så liten «sikkerhetsvurdering». Om morgonen kjem han gjerne opp i senga di og helsar på. Litt kos og litt leik. Lurven vil passe best i ein familie utan dei heilt små borna sidan han då vil trekke seg meir attende fordi han vil synes dei er for uforutsigbare. Vil du gje Lurven draumeheimnen? Ta kontakt med Bettina på tlf 412 44 002 eller mail til bettina@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Del gjerne med dine venner 🙂Share on FacebookEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Google+Share on TumblrPin on Pinterest