Elsa og Olaf

Elsa og Olaf 3Elsa og Olaf 2Elsa og Olaf

Reserverte for ny heim! Dette søskenparet kjem frå Eikås i Jølster. Dei vart født ute i mai av ei ung mor, som ein ikkje har funne eigar til. Mora har frå hausten i fjor søkt tilhold hos ei snill dame som har gitt ho mat, men i sommar måtte heile kattefamilien til forvert. Begge kattungene var då veldig redde i, men har no blitt mykje tryggare.
Elsa er fortsatt litt sky, og ikkje så glad i andre katter, men ho liker veldig godt å få oppmerksomhet og kos. Ho er ein vakker katt som kanskje passer best hos ein familie utan andre dyr. Men ho er fortsatt ung og har gode muligheter for å bli enda tryggare på seg sjølv og andre.
Olaf er ein beskjeden, hyggelig kar som liker å få kos. Han har utvikla seg frå ein liten, redd kattunge som kun ville ligge innerst i buret, til å kome frivillig til forvert for kos. Han er en herlig, vakker og nysgjerrig kar som har blomstra veldig opp, og som liker å leike med andre katter hos forvert.
Kattane kan adopterast kvar for seg. Kattemamma Alba i midten, er også reservert for ny heim.
Dersom du er interessert kan du kontakte Kirsti: 40060522

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Del gjerne med dine venner 🙂Share on FacebookEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Google+Share on TumblrPin on Pinterest