Rusken

rusken sommer15ruskMange ynskjer seg kattunge og dei fleste vil ha ein ung katt. Men ein bør ikkje gløyme eller undervurdere kor fint det kan vere å ha ein godt vaksen katt i hus. Rusken er ein svært klok, kosete og snill katt som du garantert kjem til å verte inderlig glad i. Han har lang livserfaring og er nok ein sterk katt som har klart seg gjennom 12 år. Hos veterinær har han fått bekreftelse på god fysikk. Han viste på same tid sin mentale ro når han malte så høgt at veterinær nesten ikkje høyrde hjerteslaga med stetoskopet sitt. Rusken vil ha det best som aleinekatt, trur vi. Han vil få det best i ein rolig heim kor han kan gå ut når det høver seg. Men han må ikkje kome til stengt dør i dagesvis, for det har han opplevd så altfor mange ganger før i livet og et par dører har aldri opna seg att. Rusken har opplevd å ha det godt i ein heim men har også erfaring med det harde livet på «loffen». Har han klart seg så bra i 12 år så husk at han kan leve godt i mange år til. Er veloppdragen, klorar ikkje på møbler og hoppar ikkje opp og tiggar etter mat. Men om du stenger ei dør mellom deg og han, så seier han nok ifrå. Er kastrert, ID-chippa, vaksinert og ormebehandla. Hos forvert i Florø. Ynskjer du denne skatten av ein katt så ta kontakt med Kristine på telefon 412 43 997 eller mail til kristine@dyrebeskyttelsen-sfj.no

 

 

 

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Del gjerne med dine venner 🙂Share on Facebook
Facebook
Email this to someone
email
Tweet about this on Twitter
Twitter
Share on Google+
Google+
Share on Tumblr
Tumblr
Pin on Pinterest
Pinterest