Hoppsan

HoppsanHoppsan og Heidi Thereses private katt Fant20160415_153030220160407_201719
Hoppsan er ein snart 2 år gamal pusegutt som vart levert inn ilag med bror sin (Heisan) for avliving hos veterinær forrige haust. Hoppsan er ein artig kar som likar godt å leike. Han fyker rundt på golvet, og viser at han lever opp til navnet sitt. Han er og en skikkelig godgutt som elskar å bli kosa med, men han vil ikkje ligge på fanget eller bli løfta. Hoppsan er og en livsnytar som kjem springande med ein gong han høyrer lyden av mat eller godbit. En deilig strekk i hundesenga etterpå gjør virkelig godt! Å kosetrakke på teppene er og skikkelig avslappande. Hoppsan har alltid vert en skeptikar, og kan fort bli litt skremt. Heldigvis går det fort over. Det han treng er ein heim som tar seg tid til å bli kjent med han, og tar han for den han er. Nå er han hos forvert i Høyanger. Der bur han med 3 pusedamer, hund, 3 tenåringar og to voksne. Av og til når ting blir for mye, tar han ein «time out» under sofaen. Hoppsan er kastrert, vaksinert, ID-merka og ormebehandla.
Ved interesse for å adoptere Hoppsan, kontakt Heidi Johanne på telefon 413 56 277 eller mail til Heidi Johanne

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Del gjerne med dine venner 🙂Share on FacebookEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Google+Share on TumblrPin on Pinterest