Fjøskatt:

Hestadpus 1psMOPM2Hestadpus 1psMOPMIMG_4775Fordi mange kattar har vore svikta har vi til ei kvar tid inne sky kattar som treng lang tid på å bli trygge på menneske. Ikkje alle blir det …. Treng du nokon som kan vere ansvarleg for mus- og rottebestand på garden? Ein gard er for mange kattar draumestaden. Særskilt for dei kattane som trivst best på eiga hand utan å verte dulla eller «fjolla» med av folk heile dagen. Våre fjøskattkandidatar har ei røff livserfaring. Dei har blitt overletne til seg sjølv og gått ute ei god stund utan noke særlig menneskekontakt. Dei er tøffe, hardføre og knallgode på musejakt. Ikkje villkatt men heller ikkje kosekatt. Denne pusen vil vere ute, luske og jakte samstundes som den nyter selskap av andre dyr og mennekser på litt avstand. Kan oftast klappast men er ikkje klengete (Kan med tida godt bli det..). Den treng ein varm stad som t.d ein fjøs om vinteren og tilgang på mat. Ein musejegar vil også trenge jevnlige ormekurar slik at gardens høvdingkatt skal vere i tipp topp stand. Kan du eller veit du om noken som kan hjelpe ein slik katt til eit godt liv vidare?

Ta kontakt med Bettina på tlf 412 44 002/ bettina@dyrebeskyttelsen-sfj.no

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Del gjerne med dine venner 🙂Share on FacebookEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Google+Share on TumblrPin on Pinterest