Pressemelding 25-års jubileum

header_face

Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane 25 år!
Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane feirar i desse dagar 25 års Jubileum. Dette håpar vi heile befolkninga i Sogn og Fjordane vil vere med oss og feire.
Det har vore 25 år med slit og tunge tak, men og mange gode stundar. Vi har fortsatt mykje arbeid som står att før vi vert overflødige.

Foreininga vart starta i 1999. Det første namnet var Dyrevernlaget i Sogn og Fjordane, og leiar i interimstyret den gong var Magne Aslaksen frå Florø. Fleire av ildsjelene som var med frå starten av er fortsatt aktive dyrevernarar. Organisasjonen er eit fylkeslag tilknytta Dyrebeskyttelsen Norge.

Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane mottek ikkje offentleg støtte. Gjennom 25 år har det difor vore ein kamp å rekruttere frivillege og oppretthalde aktiviteten. Drifta vert finansiert ved medlemskap, gåver, testament og grasrotandel via Norsk Tipping.

Organisasjonen er basert på frivillig, ulønna arbeid. Dagleg mottar våre frivillige fleire titals henvendingar via telefon, mail, heimeside og sosiale mediar. Henvendingane gjeld ofte funn av eigar- og heimlause dyr, skadde dyr, tapte dyr, bekymringsmeldingar, ønskje om rådgjeving eller ønskje om å adoptere dyr. Gjennom 25 år har vi gradvis merka ein auka forståing for dyrevern. Det er fleire enn før som ønskjer å ta til seg eigar- og heimlause dyr, hjelpe med transport, vere forvertar, og bidra med anna praktisk hjelp.

I løpet av 25 år har Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane skaffa nye heimar til om lag 3000 dyr. I tillegg har mange tusen dyr fått hjelp på anna vis. Lokalavdelinga har og arbeidd med mellom anna langtransport av dyr, pelsdyrsaka, burhøns og jakt. I mange saker samarbeider Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane med andre dyrevernorganisasjonar, Mattilsynet og politiet. På enkelte dyrevernområder har ein oppnådd gode resultat, men mange av utfordringane som var der for 25 år sida, er der fortsatt. Bruk og kast-samfunn, umerka kjæledyr og ukontrollert formeiring av katt er blant dei største daglege utfordringane.
Det politiske fleirtal manglar mot til å setje dyrevern på dagsorden, her etterlyser vi større engasjement. Reglementet må endrast, og dyr i Noreg treng eit sterkare rettsvern, gjerne i form av offentleg Dyrepoliti som fleire andre land har innført med stort hell.

Den flottaste gåva vi kan få er at mange melder seg inn og blir med oss å feirar.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Del gjerne med dine venner 🙂Share on Facebook
Facebook
Email this to someone
email
Tweet about this on Twitter
Twitter
Share on Google+
Google+
Share on Tumblr
Tumblr
Pin on Pinterest
Pinterest