Hermansverk

 Herman har på eit eller anna vis komen bort frå heimen sin. Etter å ha gått i over ein månad rundt på Hermansverk gjorde han eit smart trekk. Han tok inn på Sognefjord Hotel, og sjarmerte dei ansatte i senk. Dei gav han ly, tryggheit og masse kos. Og ikkje minst fekk han fråtse i fersk fisk, spesiallaga til den hårete gjesten. Trafikkforholda utanfor gjorde at dei ikkje tok sjansen på å la Herman bli hotellkatt, dermed kontakta dei Dyrebeskyttelsen som henta han samme dag. Herman hadde ein skade på halen sin som gjorde at han måtte amputere halespissen. No går han på antibiotika og smertestillande, og lar den blå bandasjen vere i fred. Herman er ca 4,5 månader gammal, ein kosekatt av rang. I første omgang leitar vi etter eigar. Ta kontakt på telefon 412 44 002 dersom du eig eller kjenner denne kattungen.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Del gjerne med dine venner 🙂Share on FacebookEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Google+Share on TumblrPin on Pinterest