Siste nytt om Molly

Kronerullinga til Molly si veterinærbehandling gjekk himmelhøgt over vår forventning. Kr 28 000 kom inn til Molly i løpet av ett døgn!! Sidan sist har Molly fått den veterinærhjelp ho treng, ei ny mjuk katteseng, og mykje ro, kvile og kos hos ein av våre dyktige fòrvertar.  Molly kjenner seg tydeligvis betre for ho viser seg no som ei glad, leiken og kosete katt. Med rett mat og pleie vil Molly kunne verte ei gamal pusefrue og er snart klar for ein ny varig heim. Det er framleis att mykje pengar frå kronerullinga og desse vil vi øyremerke til liknande tilfeller slik at fleire skal få den same sjangsen som Molly. Takkar for fantastisk engasjement og alle bidrag.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Del gjerne med dine venner 🙂Share on FacebookEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Google+Share on TumblrPin on Pinterest