Informasjon etter årsmøtet

27 Mars var dagen for årsmøtet vårt og nytt styre vart valgt. Ny leiar er no Cecilie Heggelund (tidligare nestleiar) og tidlegare styremedlem Bettina Astor er no nestleiar. Ove Myrmel gjekk etter eige ynskje frå leiarvervet til varamedlem. Styret er mykje det same som før bortsett frå Ida Beate Løken frå Førde som er ny. Ellers er det tre nye navn blant våre varamedlemer. Sjå «styret» under «Om oss» for meir info. Vi ynskjer i tillegg å informere om at vi heretter aukar gebyret for omplassering av katt.  Auka i adopsjonsgebyr er vedteke på grunnlag av vår økonomi men mest av alt pga høgare prisar hos veterinær. Kvar einaste krone av omplasseringsgebyret går til arbeidet vårt med heimlause dyr.

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Del gjerne med dine venner 🙂Share on FacebookEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Google+Share on TumblrPin on Pinterest