Alle vil hjelpe Molly

For nokre dagar fekk vi inn ein mishandla og skada katt. Vakre gode Molly har gått med hofta ute av ledd over lang tid, ho har vore igjennom parring, drektighet og fødsel med denne skaden, – tenk for eit smertehelvete!
Eigar drepte alle hennar 4 små, truleg rundt 6 veker gamle. Til slutt kasta han Molly ut fra altanen i 2. etasje i håp om at han var kvitt henne også.
Veterinærsjekk i går gav to alternativ: operasjon eller avliving. Operasjon vil koste minst kr 5000, pluss behandling og
rekonvalesens i lang tid.  For ein frivillig organisasjon er dette er mykje pengar og derfor satte vi umiddelbart igong kronerulling på facebook. Vi ynskjer å gje denne katten eit verdig og smertefritt liv. Responsen på facebook har vore enorm og pengane har strømma inn. Vi har no fått inn kr 14 000 til Molly!! Operasjon er bestilt og vi treng ikkje å spare på noko som helst for at Molly skal bli frisk.

Ho skal opereres på tirsdag og vi skal halde alle løpande oppdatert på korleis det går med ho. Om det blir pengar til overs til slutt ynskjer vi å sette desse av til liknande tilfelle slik at alle kronene vil gå til å hjelpe katt med smertefull skade til eit godt liv vidare. Vi er djupt takknemlige for all støtte og respons frå dyrevenner over heile landet. Tusen hjertelig takk alle saman!

Les meir om omplassering og prisar.
Vil du være forvert?
Vil du bli medlem?

Del gjerne med dine venner 🙂Share on FacebookEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Google+Share on TumblrPin on Pinterest